NRK Meny
Normal

Får 700 000 til integreringsprosjekt

4H, Røde Kors og Idrettskrinsen i Sogn og Fjordane får 700.000 kroner til eit samarbeidsprosjekt om integrering.

Hjørdis Vik og Åge Avedal

FÅR STØTTE TIL INTEGRERINGSARBEID: Hjørdis Vik i Gjensidigestiftinga og Åge Avedal i 4H.

Foto: Gjensidigestiftinga

– Dette var ei hyggeleg julegåve. No har vi fått pengar som gjer oss i stand til å gjere ein god innsats for integrering det komande året, seier Åge Avedal i Sogn og Fjordane 4H.

Pengane dei tre frivillige organisasjonane har fått skal gå til eit prosjekt dei har kalla «Samspel».

– Vi ser at det vert busett svært mange flyktningar rundt om i kommunane. No har vel snart alle kommunar i fylket tatt i mot flyktningar, og då må vi i dei frivillige i organisasjonane vere i stand til å ta i mot dei på ein god måte, seier Avedal.

Integrering

– Det held ikkje berre med tilbod om arbeid og skulegang. Dei som kjem til landet må og få høve til å verte ein del av det frivillige livet, seier Avedal.

Difor sette dei tre organisasjonane seg saman for å sjå kva dei kunne gjere. Resultatet er eit prosjekt som både skal gi innvandrarar betre informasjon om fritidstilbod og organisasjonsliv, samstundes som leiar og tillitsvalde i organisasjonslivet får betre kunnskap om kulturar, mangfald og inkludering.

– I Gjensidigestiftinga er vi opptekne av å skape eit tryggare, sunnare og meir aktivt samfunn. Med flyktningkrisa ferskt i minne så meiner vi at det som dei tre frivillige organisasjonane gjer her er viktig både for flyktningar og samfunnet elles, seier Hjørdis Vik.

Magasin og konferanse

For å nå ut til dei mange innvandrarane som kjem til fylket, både arbeidsinnvandrar og flyktningar, ynskjer dei tre organisasjonane å gi ut eit informasjonsmagasin.

– Der ynskjer vi å presentere frivilligheita i Sogn og Fjordane på ulike språk. Målet er at alle som kjem til fylket skal få dette magasinet, seier Avedal.

I tillegg er målet å gjennomføre 10 kveldskurs i inkluderingsarbeid for frivillige og leiarar i heile fylket i løpet av 2017.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå