Hopp til innhold

Får 65 nye arbeidsplassar

Verksemda Norsun, som produserer deler til solcellepanel, har bestemt seg for å byggje fabrikk i Årdal i løpet av neste år.

Ordførar Arild Ingar Lægreid og rådmann Terje Moe i Årdal ved staden der Norsun-fabrikken skal kome.
Foto: Arne Eithun / NRK

Fabrikken skal gje bygda 65 nye arbeidsplassar, og styret tok ei endeleg avgjerd torsdag etter å ha blitt samd med kommunen om vilkåra.

- No er vi samde. Frå Norsun si side er det fatta ei endeleig avgjerd i saka, seier administrerande direktør Jon Hindar.

 

Skal ikkje trekke seg

Selskapet ScanWafer, ein tilsvarande produsent, trekte seg i siste liten frå etablering i Årdal for halvtanna år sidan. Kor sikre kan folk være på at de ikkje gjer det same?

- Styret i Norsun har teke ei avgjerd og den er heilt eintydig. Dei kan vere trygge på at vi kan skal gjere det vi kan for å realisere planane våre i Årdal.

 Nøgd ordførar

Ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid, verkar overtydd om at dei 65 arbeidsplassane no er sikra.

- Dette stolar eg sjølvsagt på, og eg gler meg til å sjå spaden i jorda.

Norsun skal lage deler til solcellepanel, såkalla wafers, som blir laga av silisium. Dei satsar på å rekruttere arbeidarar som misser jobben ved Hydro sitt aluminiumverk i bygda.

For selskapet Norsun, som berre er eit drygt halvtår gamalt, er dette den aller første fabrikken.

- Det blir den fyrste fabrikken som Norsun opererer i eigen regi. Vi har leigeproduksjon i Finland med ein teknologipartner der. Den vil også være ein viktig opplæringsinstitusjon for dei som seinare skal arbeide i Årdal.

Vi vil leggje betydeleg vekt på opplæring, og for nokon vil ein del av opplæringa skje i Finland.

- Kva slags arbeidskraft er de ute etter?

- Vi er ute etter folk som har interesse av å jobbe med solenergi og som har lyst til å lære ein industri som er relativt ny. Vi har alt hatt diskusjonar med lokale utdanningsinstitusjonar, både faghøgskule, vidaregåande - og ingeniørskule, om korleis vi kan tilretteleggje for kvalifisering av arbeidskraft.

Fabrikken skal byggjast på Hydro sitt område, og Norsun-styret bestemte seg for Årdal fordi kommunen diskar opp med svært gode etableringsvilkår.

- Alt frå transport, rik tilgang på kjølevatn og industritomt med lågare utgifter til elektrisitet tel med.

- Og ein del omstillingsmillionar fell på dykk?

- Ja, vi vil motta ein del investeringsstøtte. Det har definitivt vore ein medvirkande faktor til vår avgjerd om etablering i Årdal.

Kan verte større

Hindar seier det kan verte aktuelt å utvide utover dei 65 arbeidsplassane, dersom bedrifta får tak i meir tomteareal i Årdal.

Norsun er eitt av fleire norske selskap som produserer såkalla wafers til solcellepanel. Bransjen har gode tider, og får stadig veksthjelp mellom anna av dei aukande straumprisane.

- Denne marknaden veks utruleg raskt. Det har vore ein årleg vekst på 30-40 prosent i denne bransjen, og framtidsutsiktene ser også veldig lyse ut. Det at straumprisane er spesielt høge no trekkjer ikkje ned, seier Hindar.