24-åring omkom i dykkarulykke - no er selskapet ilagt 600.000 kroner i bot

Sunnfjord Dykkerservice AS er pålagt ei bot på 600.000 kroner etter at ein 24 år gammal mann omkom under dykking i Hyllestad i desember 2012.

Oppdrettsnlegget til Marine Harvest i Bøfjorden

OMKOM: 24 år gamle Tomas Lekeckas frå Litauen omkom i desember 2012 i ei dykkarulykke ved Marine Harvest sitt anlegg i Bøfjorden i Hyllestad.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Dei har fått ei bot for ei rekkje brot på dykkarforskrifta og arbeidsmiljølova. Bota er på 600.000 kroner, seier politiadvokat i Sogn og Fjordane politidistrikt, Jørn Lasse Førde Refsnes.

Selskapet er i tillegg pålagt å betale erstatning og oppreising til foreldra til den omkomne mannen.

– Dei er pålagde å betale 100.000 kroner i erstatning til kvar av foreldra til mannen som omkom i ulykka, seier Refsnes.

Vart henta på land av kollegaer

Det var 19. desember 2012 at arbeidsdykkaren frå Litauen dykka ved eit oppdrettsanlegg i Bøfjorden i Hyllestad.

Mannen dykka utan livline, hadde for lita gassflaske og ingen kommunikasjon til overflata.

Men dykket ned til 28 meters djupne vart fatalt for den 24 år gamle mannen. Etter om lag 20 minutt gjekk dykkaren tom for luft, mista medvitet og vart liggjande på botnen av merden.

Dykkaren vart henta på land av to arbeidskollegaer før helsepersonell kom fram. Trass i forsøk på gjenoppliving stod ikkje livet til å redde.

Det er førebels ikkje klart om bota er vedteken.

– Den er nokså nyleg forkynt for dei det gjeld, så vi har ikkje fått tilbakemelding på det, seier Refsnes.

Har ikkje teke stilling til bota

Paul-Inge Angelshaug, som er advokat for styreleiaren i Sunnfjord Dykkerservice AS, stadfestar at klienten hans ikkje har teke stilling til bota.

– Per i dag er det ikkje gjort noko vedtak, seier Angelshaug.

Både dagleg leiar og styreleiar i Sunnfjord Dykkerservice AS er tiltalt for fleire brot på arbeidsmiljølova og dykkarforskrifta.

Dei er tiltalte for å ikkje ha sytt for tilstrekkelege rutinar i verksemda. Politiet fann også brot på føreskriftene i tida før dødsulykka.

Fram til 19. desember meiner politiet også å kunne bevise at dykkarar jamleg dykka djupare enn 30 meter, og utførte dykk der dekompresjon skulle vore gjort utan at det var tilgjengeleg overflatetrykkammer på arbeidsplassen.

Politiadvokat Jørn-Lasse Førde Refsnes

KOMPLISERT: Politiadvokat Jørn Lasse Førde Refsnes seier saka har vore krevjande å etterforske.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Etter politiet og påtalemakta sitt syn er det forbunde med eit stort ansvar å vere leiar i ei verksemd som driv med dykking der farepotensialet er så stort, seier Refsnes.

Mangla beredskapsplan og regelmessige øvingar

Politiet har ikkje funne at verksemda har utarbeidd tilstrekkelege naudprosedyrar eller gjennomført øvingar i naudprosedyrar. Det var heller ingen beredskapsplan og regelmessige øvingar.

– I denne saka meiner vi at det har vore mange brot på ein heilt sentral føresegn i dykkarforskrifta, og det har vore direkte medverkande til at ulykka skjedde. Ut frå allmennpreventive årsaker er det riktig å reagere også med personleg straffeansvar, i tillegg til det økonomiske straffeansvaret for selskapet, seier Refsnes.

I forkant av det aktuelle dykket 19. desember var det ikkje etablert kontakt med lege som kan føreskrive behandling og ved behov rykke ut til dykkstaden.

I tida fram til ulukka var det heller ikkje rutinar for føring av loggbok eller personlege dykkarloggbøker. Ein dykkar gjennomførte også jamlege dykk utan å ha dykkarsertifikat klasse 1, og det var heller ikkje verneombod.

Det er sett av fire dagar til saka i Fjordane tingrett, 7. – 10. oktober.

Har vore krevjande etterforsking

Dersom selskapet vel å ikkje vedta bota eller erstatningsutbetalinga, kjem også desse spørsmåla opp i retten.

– Viss bota ikkje vert vedteken, vert ho send over til tingretten for handsaming, seier Refsnes.

At det har gått vel halvtanna år frå ulykka til tiltalen kom, forklarar Refsnes med at det har vore ei komplisert sak å etterforske.

– Det har vore ei krevjande etterforsking, og det er eit saksfelt som politiet i utgangspunktet ikkje har så mykje kunnskap om. Vi har difor vore avhengige av å innhente hjelp frå sakkunnige utanfor politietaten, seier Refsnes.