Hopp til innhold

Får 4,9 millionar etter storbrann

Kommunal- og moderningseringsdepartementet stiller med 4,9 millionar kroner til gjenoppbygginga av brannråka Lærdalsøyri. – Dette reiser fleire problem, seier ein misnøgd ordførar Jan Geir Solheim (Sp).

Storbrann i Lærdal

STORBRANN: Brann starta ved eitt hus om kvelden 18. januar, men spreidde seg raskt til fleire bygningar. I alt 40 bygningar vart heilt nedbrende.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Kommunen søkte om kring 5,5 millionar kroner.

– Kompensasjonen er utrekna i tråd med tidlegare praksis ved tildeling av ekstraordinære skjønsmidlar etter naturskade, skriv underdirektør Grete Lilleschulstad i brevet.

Utbetalt i april

Jan Geir Solheim

ORDFØRAR: Jan Geir Solheim er ikkje heilt nøgd med løyvinga frå departementet etter storbrannen i januar.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Kommunar som har hatt meirutgifter utover 250 kroner per innbyggjar etter at departementet har dekt halvparten av utgiftene har fått dekt det overskytande beløpet over 250 kroner per innbyggjar. Kompensasjonen blir utbetalt saman med rammetilskotet for april.

– Kompensasjonen er berekna ut ifrå eit kostnadsanslag. Dette innebar at kommunen seinare må dokumentere at midla er brukt i tråd med kriteria for tildeling, skriv Lilleschulstad.

Departementet vil også vurdere ein søknad frå kommunen om skjønsmidlar til eit gjenreisings- og utviklingsprogram, fortrinnsvis til særskilt leiar- og kompetansestøtte.

– Reiser problem

Ordførar Jan Geir Solheim (Sp) er glad for raskt svar, men seier at det samstundes reiser nokre problem.

Han viser til at statsminister Erna Solberg (H) uttala rett etter brannen at gjenreisinga ikkje skulle gå utover kommuneøkonomien.

– Mesteparten av beløpet går til å dekke utgifter til dei som hjelpte oss, ikkje kommunen sjølv. Her hadde eg venta fullt oppgjer frå staten, seier Solheim.

25 millionar kroner

– Vi fekk i første omgang avslag på søknaden om akontobetaling. Dette vert ei stor utfordring når vi kjem til den samla planen for gjenreisinga. Planen vert lagt fram for kommunestyret 20 mars. Dei fyrste overslaga viser summar på kring 25 millionar kroner totalt i 2014, seier senterpartiordføraren og er uroa for kommuneøkonomien.

– Kommunekassa er praktisk talt tom, så no må vi snu oss raskt rundt å leite etter løysingar på noko vi trudde var uproblematisk, seier Solheim.

Stoggar prosessane

Ordføraren fryktar at prosessane med gjenreisinga vil stogge opp og igjen gå utover dei mange som mista husa sine i brannen.

Han vil difor be om at avgjerda blir revurdert av departementet.

– Eit tilleggsproblem er dei signal som er gjett om kva som er kommunal infrastruktur. Vi har her fått signal frå fylkesmannen om at det kan bli vanskeleg å få dekka Lærdal Energi sine kostnader, noko som eg har vanskar med å forstå ikkje er kommunal infrastruktur, avsluttar ordføraren.