Hopp til innhold

Får 300.000 i bot etter at brygge kollapsa

Aurland Hamnevesen har fått 300.000 kroner i bot for brot på hamnelova etter at ei brygge med fleire turistar kollapsa i Gudvangen i fjor sommar.

Brygge kollapsa i Gudvangen

REDNING: Det vart sett i gong ein stor redningsaksjon då seks turistar hamna i sjøen 4. juli i 2017.

Foto: Tiril Hylland

Fleire utanlandske turistar ramla i vatnet då ei brygge kollapsa i Gudvangen i 4. juli fjor. Ulukka skjedde då 174 turistar skulle gå om bord i ei ferje og landgangen kollapsa. Seks turistar hamna i sjøen og fleire andre hoppa uti for å hjelpe. Ingen vart alvorleg skadd i hendinga, men ein person vart frakta til Voss sjukehus.

Årsaka til ulukka var at landgangen losna grunna den store folkemengda. I førelegget er det presisert at Aurland Hamnevesen tilbydde ein turistbåt å bruke flytebrygga og tilhøyrande landgang, trass i at den ikkje var godkjend for så mange folk.

Styret vedtok i dag førelegget for brot på hamnelova om å syte for at hamneanlegg vert drive på ein sikker og effektiv måte.

I ei pressemelding skriv Hamnevesenet at dei sterkt beklagar det som skjedde, og at dei er opptekne av at det skal vere trygt å bruke hamneanlegga i kommunen.

– Det som skjedde er veldig beklageleg og no har politiet etterforska saka over lengre tid. Dei har konkludert med at det som skjedde ikkje var forsvarleg og det må vi berre akseptera. Det var ingen tvil om at vi skulle vedta førelegget då vi hadde det oppe i styret i dag seier styreleiar Noralv Distad i Aurland Hamnevesen.

Han legg til at dei i ettertid har fått inn ekstern ekspertise og gjort tryggingstiltak på alle kaianlegga dei har.