Hopp til innhold

Får erstatning etter konkurs - tidlegare leiar glad for å bli trudd

Fiskeri- og kystdepartementet og Sparebanken Sogn og Fjordane har inngått forlik etter konkursen i oppdrettsfirmaet Nærøysund AS i Flora i 2009. Det inneber at banken får rundt 20 millionar kroner frå staten.

Nærøysund AS

SMITTA VED KJØP? Havforskingsinstituttet vedgår no informasjonssvikt.

Foto: Nærøysund AS

– Det vi har sagt i forliktet, er at Havforskingsinstituttet hadde smitte i anlegget sitt og at vi skulle varsla Nærøysund om det. Men vi visste ikkje at det var smitte på den fisken som blei seld, seier Tore Nepstad ved Havforskingsinstituttet til NRK.no.

Glad for å bli trudd

Det var i 2006 at Nærøysund AS kjøpte torskeyngel frå Havforskingsinstituttet. Etter ei tid vart det påvist at torsken hadde fiskesjukdommen Francisella, og fisken måtte slaktast. Nærøysund AS hevda at yngelen dei kjøpte frå Havforskingsinstituttet var smitta ved kjøpet.

Det enda med at Nærøysund AS vart slege konkurs, og etter det har kreditorane med Sparebanken Sogn og Fjordane vore i dialog. Dagleg leiar Karl-Petter Myklebust sa til NRK i 2009 at instituttet måtte ha hatt smitte i fisken i sitt anlegg før dei leverte til dei.oss. Det hadde ikkje vore Francisella i Sogn og Fjordane før den blei påvist i anlegget i Florø.

(Artikkelen held fram under biletet)

Karl-Petter Myklebust

MÅTTE SLÅ SEG KONKURS: Karl-Petter Myklebust.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Glad for å bli trudd

I dag seier Myklebust det er godt å endeleg å få oppreising og å bli trudd.

– Vi har kjempa denne kampen i tre-fire år. Det er sjølvsagt tilfredstillande for oss at vi endeleg har kome i hamn etter denne kampen vi har kjempa. Vi har fått ei oppreising på det vi tykkjer er rett og rimeleg, seier han.

– Det er sparebanken som får pengane fordi dei er kreditorar. Kva tenkjer du om det?

– Dei har stått på for oss i den tøffe kampen. Vi er nøgde og meiner dei fortener erstatninga, seier han.

– Hadde de ikkje fått den smitten, ville de framleis kunne drive i dag?

– Torskeoppdrett har hatt ei vanskeleg tid dei siste åra. Men vi meiner vi hadde ein god produksjon og var lønsame. Eg trur vi hadde klart å komme oss gjennom ei krise. Det som er synd, er konsekvensane det fekk for dei 10 tilsette og i nærområdet. Ringverknadane for andre i området, var alvorlege, seier han.

Vedgår informasjonssvikt

I pressemeldinga frå instituttet står de: «Havforskingsinstituttet ser at Nærøysund kunne vore betre informert om sjukdomstilhøva i instituttet sitt produksjonsanlegg etter at ein hausten 2006 såg teikn til at det kunne vere Francisella i anlegget.»

Difor har staten no kome til ei minneleg løysing med Sparebanken Sogn og Fjordane på vegne av kreditorfellesskapet. Staten seier seg lei for konsekvensane saka har fått, skriv Havforskingsinstituttet.