Hopp til innhold

Må reise 16 timar tur-retur for å spele 3. divisjonsfotball

I det nye avdelingsoppsettet til 3. divisjon, er klubbane frå Sogn og Fjordane sett i same avdeling som Sunnmørs-klubbane. Det gir åtte timar reising kvar veg når fotballaget frå Årdal skal spele kamp mot sunnmøringane.

Øvstetun og Årdal

TRUDDE IKKJE DET VAR SANT: Styreleiar i Årdal FK, Geir Kjetil Øvstetun, kunne knapt tru sine eigne auge så han såg oppsettet.

Foto: Stig Høynes/Birger Meland / NRK

– Eg lurte rett og slett på om det var tull. Eg må seie at for vår del vart eg rimeleg overraska. Reiseavstandane til Sunnmøre frå Årdal er så lange at me faktisk i mange av tilfella må vurdere overnattingsturar, seier styreleiar i Årdal FK, Geir Kjetil Øvstetun.

Han legg til at slik oppsettet ser ut, ligg det an til sju turar nordover for klubben inst i Sognefjorden.

– I tillegg møter vi både Aalesund 2 og Hødd 2. Tradisjonelt er dette måndagskampar, så det seier seg sjølv at det blir utfordring både i høve skuleungdom og arbeidstakar, både når det gjeld å komme seg av garde, men også å komme seg heim att i skapleg tid, seier Øvstetun.

Lurer på om dei har sett på kartet

Han vart svært overraska over oppsettet, sjølv om han var budd på endringar.

– Eg hadde heller sett føre meg ei endring der nokon av Nordfjord-laga hamna på Sunnmøre, medan me og Sogndal 2 hamna i ein avdeling i Hordaland. Det hadde ikkje overraska meg, men dette var overraskande, seier Øvstetun.

Han lurer på om dei som har laga oppsettet har sett på kartet i det heile.

– Dei må jo sjå på kor dei ulike laga som skal spele i 3. divisjon kjem ifrå. Eg er usikker på om dei som har sett opp dette, er så godt kjende med geografien i Norge. Det er eg faktisk litt i tvil om, seier Øvstetun.

For han er klar på at å komme seg frå Årdal til Ålesund, ikkje let seg gjere under åtte timar, og då snakkar han om éin veg.

– Skal ein køyre i eitt, utan ein einaste pause, er vi heldige om vi klarar det på seks og ein halv til sju timar. Då seier det seg sjølv at skal ein ha ein stopp på vegen, i tillegg til at det ofte betyr to til tre ferjer, så brukar vi åtte timar på å komme fram. Og så skal vi heim att også, seier Øvstetun.

(Artikkelen held fram under biletet)

Årdal takkar for kampen

FULLT MANNSKAP: Her helser Årdal sine spelarar på Florø sine spelarar før kampen på Florø stadion i juli i år.

Foto: Stig Høynes / NRK

Ikkje aktuelt å skofte jobb

I tillegg skal det spelast to gonger 90 minutt.

– Då brukar vi alt frå 20 til 24 timar på dette, kvar gong, seier Øvstetun.

– Har ein tredjedivisjonsklubb budsjettert med overnatting?

– Det har ikkje lege inne i budsjetta våre til no. Men det vil faktisk bli vanskeleg å gjennomføre dette utan å overnatte. Det må me berre innrømme, seier Øvstetun.

Han understrekar at det er umogleg at spelarane skal måtte skofte jobb eller skule for å vere med på ein tredjedivisjonskamp.

– Nei, det er ikkje aktuelt. Dei som er i arbeid, har ein arbeidsgjevar å forhalde seg til. Men ein kan risikere at me ikkje har moglegheit til å stille det beste laget som me har i denne typen kampar, seier Øvstetun.

Har ikkje vore involvert

For skal ein vere kommen fram til kampstart, må ein nødvendigvis starte turen slik at ein kjem fram tidsnok.

– Skal me spele kamp i Ålesund klokka 18 eller 19 ein måndagskveld, så må me reise klokka 10 om morgonen. Eg trur ikkje mange arbeidsgjevarar blir blide for det, seier Øvstetun.

Han er nett no på reise, og har ikkje hatt høve til å diskutere saka med resten av styret.

– Me får sjå kva det ender opp med. I høve til det me har fått, står det at det er eit endeleg oppsett. No veit ikkje eg kor mykje Sogn og Fjordane fotballkrets har vore involvert, men me har iallfall ikkje vore det, seier Øvstetun.

Nokon får lang reisetid uansett

Dagleg leiar i Sogn og Fjordane fotballkrets, Svein-Olav Myklebust, seier nokon vil få lengre reisetid enn andre, uansett korleis oppsettet ser ut.

– Forbundet har i år valt å sjå vekk frå det tradisjonelle oppsettet, som vanlegvis har omfatta delar av Hordaland og Sogn og Fjordane. Dei har valt å snu det, og gå nordover. Då er det slik at det vil bli ytterkantar uansett kva for ein veg ein spelar, seier Myklebust.

Han legg til at filosofien til Norges Fotballforbund er nettopp å imøtekomme dette.

– Det gjer ein ved å variere oppsetta litt meir, slik at det ikkje er nokon som vert ytterkant år etter år, seier Myklebust.

At Årdal får 16 timar på reise for å spele ein einaste kamp, meiner Myklebust ikkje er noko uvanleg.

– Dette er ei utfordring som kjem når ein går oppover i divisjonssystemet. Tradisjonelt har det vore Stryn, Eid og Tornado som har teke den belastninga. Ser vi på andredivisjon og førstedivisjon damer, vil ein også finne lange reiseavstandar. Slik sett er ikkje dette korkje unikt eller uvanleg, seier Myklebust.

Ein enorm kabal som skal i hop

Han legg til at slik avdelinga står no, er det Årdal som får største belastninga.

– Men er åtte timar innanfor det ein må tole éin veg for å spele ein kamp?

– Det er ikkje unikt. Eg har ikkje rekna på reiseavstandane. Det er jo ein del nye samband som kortar ned nokon av reisetidene, men ser ein alle avdelingane under eitt, så vil det alltid vere eit lag som er i ytterkant, seier Myklebust.

– Kunne ein ikkje delt Sogn og Fjordane i to, slik at laga sør i fylket, sokna sørover, medan dei i Nordfjord høyrde til Sunnmøre?

– Jau, men dette er ein enorm kabal å få til å gå i hop. Det er ikkje utan vidare lett å få til, for det forskyv seg gjerne til andre som får utfordrande reise, seier Myklebust.

Ingen stor skilnad

At laga ikkje klarar å stille med sine beste folk grunna reisetid, er noko ein må rekne med.

– Det er slikt som kan skje. Men den same kalkuleringa må Nordfjord-laga ha teke dei åra dei har vore med. Det er ikkje stor skilnad ein snakkar om, seier Myklebust.

Han understrekar at dette ikkje er ei ukjend problemstilling.

– Det som er nytt, er at forbundet ønskjer å gå vekk frå låste mønster, men vil variere meir, for å unngå at det er dei same klubbane som må reise år etter år, seier Myklebust.

Desse laga er i avdeling 8:

Arna-Bjørnar
Skarbøvik
Aalesund 2
Bergsøy
Larsnes/Gursken
Spjelkavik
Hødd 2
Tornado Måløy
Tertnes
Årdal
Sogndal 2
Stryn
Eid
Norborg