Hopp til innhold

Får 15 millionar til operahus

Nordfjordeid har fått 15 millionar kroner frå kulturdepartementet til det planlagde skule- og kulturbygget som også skal gje plass for Opera Nordfjord.

Opera Nordfjord
Foto: NRK

- Dermed er det på det næraste klart for byggestart for operahus, seier operasjef Kari Standal Pavelich.

Vil opne med Carmen

Kanskje kan fyrrige tonane klinge frå sena på det nye operabygget på Nordfjordeid i januar 2009. For onsdag kom nemleg meldinga om at bygget har fått 15 millionar statlege kroner. Operasjef Kari Standal Pavelich er sikker i si sak, dette betyr at det blir operahus. Og truleg blir det Carmen ved opninga.

- Det vil vere ei flott framsyning å opne operahuset med. Vi har snakka i mange år om at dette skal vere opningsframsyninga, seier ho.

Spleiselag

Kulturbygget på Nordfjordeid er eit spleiselag. Fylkeskommunen skal samlokalisere vidaregåande skular, kommunen treng kulturhus, og operaen treng operahus. Kulturbiten er kostnadsrekna til 50 millionar, og sidan staten kom med 15 millionar og ikkje 20 som var søkt om, manglar enno litt, men Standal Pavelich er storleg glad for dei 15.

- Det er ein fantastisk glad dag, og det er ei fjør i hatten for alle som har kjempa for oss, seier ho.