NRK Meny
Normal

Får 14 millionar for å utvikle kunstig agn

I mange år har folk prøvd å lage eit kunstig agn som kan gjere det billegare å drive med linefiske. No har eit måløyfirma fått 14 millionar kroner frå forskingsfondet for å gjere eit forsøk.

Kunstig agn

SKAL LOKKE FISKEN: I dag nyttar fiskarar seg stort sett av naturleg agn, Ole Petter Humborstad vil ha folk over på kunstig agn.

Foto: Ecobait

– Det er mange som har prøvd før oss, men no håpar vi at vi skal vere dei som endeleg knekk denne koden med å lage eit godt, kunstig agn, seier Ole Petter Humborstad.

Han er dagleg leiar i firmaet Ecobait i Måløy, som saman med universitetsmiljøet ved NMBU på Ås no forsøkjer å gjere eit gjennombrot i utviklinga av agn.

Når ein fiskar med linebåt er det mest vanleg å bruke bleksprutsorten akkar som agn. Den siste tida har denne blitt stadig dyrare, og no kostar han rundt 30 kroner per kilo. Det er utgangspunktet for at Humborstad og Ecobait vil satse på kunstig agn.

– Firmaet vårt har sitt utspring i linebåtmiljøet som vi har hatt i Måløy lenge, og heile denne næringa står eigentleg samla bak oss i forsøket på å få fabrikkert eit kunstig agn som vi kan bruke på linefiske, seier Humborstad.

Ole Humborstad

SATSAR: Ole Petter Humborstad (til venstre) satsar tungt på kunstig agn.

Foto: privat

Forskingsrådet vil støtte forsøket med 14 millionar kroner, som i første omgang skal gå til eit forsøkssenter i Måløy.

– Der vi vil jobbe tett med studentar frå universitetet på Ås. Med tida kan det ligge mange arbeidsplassar i dette, for det blir omsett veldig mykje agn i Norge.

Fiskeriministeren har trua

Fiskeriminister Per Sandberg frå Framstegspartiet har lagt merke til bedrifta i Måløy, og late seg begeistre.

– Dette er eit døme på ei kopling vi har snakka om i mange år, nemleg den mellom næringsliv og kunnskapsmiljø på kysten. Det er heilt fantastisk når slike bedrifter er med å skape nye arbeidsplassar.

Per Sandberg

LIKAR: Fiskeriminister Per Sandberg har stor tru på selskapet Ecobait i Måløy.

Foto: Glen Musk / ADRESSEAVISEN

Sandberg trur nemleg at bedrifter som Ecobait vil spele ei viktig rolle i den norske økonomien framover.

– Sjømat er eit av dei største satsingsområda for Norge, det vil vere ei av dei pålene som skal finansiere velferda vår i framtida. Då er det Ecobait prøver å få til i Måløy midt i blinken, seier Sandberg.

Men sjølv om fiskeriministeren har trua, understrekar Humborstad at det er ein vanskeleg jobb dei har føre seg, når dei skal forsøkje å lage eit godt, kunstig agn.

– Det er nesten fascinerande kor mange som har prøvd utan å lukkast. Eit agn skal ikkje berre ha rette fargen, det handlar om lukt, smak og mykje anna.