Hopp til innhold

Solstormen gjorde nattehimmelen magisk

– I går kveld fekk vi såkalla «draperi» der nordlyset bølga at og fram over himmelen som ei gardin.

Runar Sandnes frå Gloppen var ein av mange som tilbrakte fredagskvelden og natta utandørs for å få med seg det vakre synet som nordlys kan vere.

– Partikkelskya frå sola trefte jorda i 18-tida i går kveld. Då var det berre å vente til himmelen blei mørk nok.

Kraftig eksplosjon

Årsaka til nordlyset denne gongen er ein kraftig eksplosjon på sola 10. september. Eksplosjonen var av klasse X1.6, som er av den kraftigaste typen. Og jorda står i siktelinja for solstormen.

Runar Sandnes

FOTOGRAFERTE NORDLYSET: Runar Sandnes frå Gloppen.

Foto: privat

For å få mest mogleg utbytte av nordlyset som blir skap av solstormen, tok Sandnes tur til utkikspunktet sitt på Utvikfjellet. Der er nattehimmelen større, og utan kunstig lys som forstyrrar.

– Ved 22-tida så eg at det byrja å bli litt grønaktig oval av nordlys i nord. Etter kvar så steig denne ovalen høgare og høgare på himmelen

Nådde toppen 22:45

– Kvart på elleve i går kveld hadde vi ein halvtime med bra aktivitet. Då bølga nordlyset att og fram på himmelen, nærast som ei gardin.

(SAKA HELD FRAM UNDER VIDEOEN)

Fredag kveld var det nærast perfekte forhold for den som ville beundre "aurora borealis"

– Det var strålande tidleg på kvelden, etter kvart så kom det litt skyer. Men vekslande skyer, slik vi hadde i Nordfjord, kan av og til berre vere ein fordel.

–Særleg slik som det var i går med litt måne og, for når månen gjekk bak ei sky då såg ein nordlyset kraftigare.