Hopp til innhold

Fansen storma bana då opprykksdraumen vart knust for Valsvik

Gustav Valsvik spelte heile kampen for Eintracht Braunschweig då dei tapte opprykkskvalifiseringa til Bundesliga med 1–0 mot Wolfsburg. Etter kampslutt storma fansen bana.

Tyske supportere i ekstase

HER STORMAR FANSEN BANA: I det dommaren bles av kampen tok hundrevis av supporterar turen inn på bana. VIDEO MED LØYVE FRÅ EUROSPORT.

Laster innhold, vennligst vent..
Police watch on as fans invade the pitch after the game

RASANDE: Klare meldingar frå Eintracht Braunschweig-fansen, retta mot bortelaget sine supporterar.

Foto: Fabian Bimmer / Reuters

Fleire hundre av heimelaget sine supporterar sprang inn på bana, og store politistyrkar var raskt på plass. Bortelaget sine spelarar vart jaga i garderoben av heimefansen, og fleire av spelarane la på sprang inn i garderoben.

Minutta i forkant hadde spissveteranen til Wolfsburg, Mario Gomez, jubla hemningslaust på benken etter at han vart bytta ut. Det gjorde ikkje stemninga mindre amper og det toppa seg då fleire av Wolfsburg-spelarane jubla direkte mot heimefansen på veg i garderoben.

Ein funksjonær måtte også få medisinsk behandling, etter at han vart skadd då heimefansen fyrte opp ei rekke med bluss i starten av andre omgang.

Police watch on as fans invade the pitch after the game

POLITI: Fleire hundre politifolk stilte seg opp for å hindra Eintracht Braunschweig-fansen i å få laga bråk med bortefansen frå Wolfsburg. Wolfsburg-spelarane sprang rett i garderoben.

Foto: Fabian Bimmer / Reuters

Avgjorde tidleg

Då Vieirinha scora målet til Wolfsburg, fem minutt etter pause, var kampen i realiteten over. Den første kampen mellom laga enda også med 1–0-siger til Wolfsburg, som vann 2–0 samanlagt.

Valsvik og Eintracht Braunschweig måtte ha scora tre mål på slutten for å sikra opprykket.

På bana var Wolfsburg det beste laget, og 6–0 tapet mot Arminia Bielefeld i nest siste serierunde gjorde at Valsvik og Eintracht Braunschweig også neste sesong vert å finna i 2. Bundesliga. Med poeng der hadde dei rykka opp direkte, men dei tapte andreplassen til Hannover på målforskjell.

Wolfsburg hadde i tillegg to ballar til i nettet som vart annullert og heimelaget måtte fullføra kampen med ti mann.

Gustav Valsvik

KAMP: Gustav Valsvik hadde fleire tøffe duellar med Wolfsburg sine spissar gjennom kampen.

Foto: Julian Stratenschulte / AP