Hopp til innhold

Fannemel trur på skiflyging i helga

Det norske hopplandslaget sender heim ein hoppar før helgas skiflyging i Oberstdorf. Anders Fannemel (20) trur ikkje det er han.

SKIJUMPING/ Norway's Sklett Rune Fannemel and Bardal celebrate after they won the Large Hill Team Ski Jumping World Cup competition in Willingen

VM: Anders Fannemel (20) er ein heit kandidat til neste helgs skiflygings-VM i Vikersund. Gode prestasjonar i Klingenthal sender han vidare til Oberstdorf der landslagsleiinga tek ut VM-laget.

Foto: ALEX DOMANSKI / Reuters

Med eit hopp på 128 meter vart honndølen femte best i kvalifiseringa tysdag, men dagens verdscuprenn i Klingenthal vart på grunn av sterk vind flytta til torsdag.

Anders Fannemel (20) frå Hornindal har fått startnummer 20 til det planlagde rennet.

– Dei ti beste var ikkje med i kvalifiseringsrennet, men med to gode hopp så håpar eg på ein plass blant dei 15 beste, seier Fannemel.

Kjempar om VM-plass

Allereie før vintersesongen spådde sportssjef Clas Brede Bråthen ein lysande sesong for 20-åringen .

– Det er ikkje tvil om at han er i ferd med å stadfeste sin posisjon som ein av dei betre hopparane i verda, sa han då. Honndølen sjølv var langt meir jordnær då, men kan berre konstatere at Bråthen så langt har fått rett.

Etter ein vanskeleg start på sesongen, kjempar han no om deltaking i neste helgs VM.

Ein må heim

Eit godt steg på vegen vidare er ei god plassering i torsdagens renn i Klingenthal. Det vil igjen sende han til Oberstdorf og helgas skiflyging. Først etter konkurransen i helga blir VM-laget teke ut.

Johan Remen Evensen skal erstatte ein av hopparane som hoppa i Willingen når verdscupen reiser til Oberstdorf fredag. Kven som må heim til gamlelandet for å trene, blir først avgjort etter rennet torsdag.

– Det har jo klaffa veldig bra siste renna og eg har hatt to gode hopp i begge omgangane, seier Fannemel.

Fire ledige VM-plass

Og får hoppkometen frå Hornindal vere med til Oberstdorf, er sjansane gode for å vere ein av fem norske skihopparar som deltek i neste vekes VM i skiflyging i Vikersund.

Alexander Stöckl

IMPONERT: Alexander Stöckl er imponert over utviklinga til Anders Fannemel.

Foto: Lovric, Primoz / SCANPIX

– Då er han definitivt ein av kandidatane. Men det blir for han som dei andre, dei må vise at dei er gode nok. Berre Anders Bardal er sikra ein plass, seier landslagstrenar Alexander Stöckl.

Store sjansar

– Vi ser sjølvsagt på plasseringane, og kva utvikling hopparane har vist, legg austerrikaren til og vedgår at det blir vanskeleg å komme utanom Fannemel både når det gjeld Oberstdorf i helga og VM i Vikersund.

For med to topp ti-plasseringar i verdscupen og NM-bronse i Granåsen , har Fannemel teke mange steg i rett retning denne sesongen.

– Så lenge han ikkje blir dårlegast av dei norske hopparane, så er han med vidare, legg han. Og akkurat det har ikkje honndølen vore i dei siste konkurransane. Snarare tvert imot.

Imponerte sjefen

Fannemel var laurdag første norske hoppar då Norge vann lagkonkurransen i Willingen .

Søndag følgde han opp med ein sterk 14. plass i den individuelle konkurransen . Då var han også tredje beste nordmann.

– Så langt har Anders vore veldig god og han overraska meg laurdag då han i sin første lagkonkurranse hoppa så bra i laghoppinga. Det er alltid vanskeleg å vere førstemann, seier Stöckl.

Drøymer om 200 meter

20-åringen sjølv har svært lyst å vere med til Oberstdorf. Og ikkje minst til VM-konkurransen i Vikersund.

I fjor kjende han seg ikkje i form då han strekte seg til 190 meter i skiflygingsbakken. No kjenner han seg i form.

– Eg har ikkje hoppa så mykje skiflyging tidlegare, så veit ikkje heilt om eg er god nok til det, men det er jo det eg eigentleg tenkjer mest på no. Det hadde vore artig å få prøvd seg i skiflygingsbakken. Å sveve over 200 meter er draumen til alle skihopparar, seier han.