Hopp til innhold

Fannemel trur på NM-medalje

Skihopparen Anders Fannemel trur på medalje under NM i stor bakke i kveld.

Video NM Hopp 07.02.12

SJÅ HOPP-RENNET DIREKTE: Her du kan følgje NM i stor bakke i Granåsen i Trondheim. Kommentatorar er Arne Scheie og Espen Bredesen

– Eg trur eg kan hevde meg i kampen om medaljane, seier 20 år gamle Anders Fannemel til Bergens Tidende.

Etter ei svak sesongopning har honndølen kome sterkare tilbake. Først med 7. og 10. plass under verdscuprenna i Sapporo, og i helga tok han 1. og 2. plass i kontinentalcupen i Tyskland. Dette er nivået under verdscupen.

Anders Fannemel er i dag på B-landslaget. No har han fått klarsignal til verdscuprenna i Willingen i Tyskland i helga. Men i kveld er det altså NM som ventar.

Anders Fannemel

HÅPER PÅ NM-MEDALJE: Anders Fannemel skal hoppe i stor bakke i Granåsen i kveld.

Foto: Jon-Michael Josefsen / Scanpix

Fannemel seier til avisa at han no har fått sjølvtilliten tilbake. Og hoppa blei lengre då han blei merksam på at han endra sitjestilling frå trening til konkurranse.

– No har lengdene kome, og det er ganske herleg.

Også Lorentz Fannemel (18) frå Hornindal og Stian Tillung (22) frå Hafslo skal hoppe under norgesmeisterskapen i Granåsen i kveld.