Hopp til innhold

Har starta hoppsesongen allereie - har store mål for sesongen

Skihopping er fjernt for dei fleste i sommarvarmen, men honndølen Anders Fannemel startar sesongen allereie no. Men konkurransar i Polen.

Anders Fannemel i treningshopp frå sist sommar.

SESONGSTART: Allereie no startar Anders Fannemel og resten av hopplandslaget hoppsesongen, med sommar Grand Prix renn i Polen.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

– Eg ser fram til å hoppe konkurransar igjen. Målet er å vere med å prege alle hopprenna eg er med i, og det er ikkje så lenge til vinteren startar, seier Anders Fannemel som er på plass i Wisla i Polen.

Torsdag startar sommarrenna FIS Grand Prix, som svarar til verdscupen om vinteren. Med sol og sommar er skihopping noko dei færraste tenkjer på no, men Fannemel håpar å få viktige svar på korleis sesongen blir allereie denne helga.

– Dei beste i verda er med på konkurransen, og det er prestisje å hevde seg der. Eg håpar å få eit svar på korleis forma er etter desse renna, og eg gler meg skikkeleg til å konkurrere. Tida fyk for ein toppidrettsutøvar, og eg må bruke tida så bra som mogeleg fram mot vinteren, seier Honndølen.

Håpar å kjempe i teten

Også i Polen er det sol og sommar, og hopparane set utfor i ein porselensbakke og landar på plast, dermed er tilhøve ganske like snøen om vinteren. Fannemel fekk sitt internasjonale gjennombrot i sommar-Grand Prix i 2011. Då tok han sin første pallplass på seniornivå då han vart nummer tre og beste nordmann i Almaty i Kasakhstan.

– I helga håpar eg å bli topp ti, så får vi sjå kor bra det blir. Vi hoppar etter nye reglar og ein ny modell, så det er spanande å sjå korleis det blir også, seier hopparen.

Konkurransen startar med kvalifiseringshopp torsdag.