NRK Meny
Normal

Fannemel sesongavslutta med 11.-plass

Anders Fannemel avslutta årets verdscupsesong med ein 11.-plass i Planica.

anders

BESTE NORDMANN: Anders Fannemel enda på ein fjerdeplass i verdscupen. Etter søndagens hopprenn har honndølen framleis hoppa lengst i verda med 251,5 meter.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

I gigantbakken i Planica vart det til slutt ein 11.-plass på Anders Fannemel frå Hornindal. Han hoppa 226 og 214 meter.

Rennet vart vunne av slovenaren Jurij Tepes og på andreplass kom Peter Prevc. Tredjeplassen tok Rune Velta.

For honndølen vart ikkje sesongavslutningen heilt slik Fannemel og støttespelarane hadde håpa på.

Dermed enda Fannemel på ein 4.-plass totalt i verdscupen med 1161 poeng.

Før helgas hopprenn i Planica har Fannemel hatt ei dårleg opplading, med smerter i eit kne. Skaden fekk han i ei landing under eit hopprenn i Lahti, og måtte stå over fleire hopprenn etter det.

Lyspunktet for honndølen er at han framleis har hoppa lengst i verda med 251,5 meter i Vikersund.

Fannemel med et hopp på 251,5 meter og ny verdensrekord

REKORD: Anders Fannemel hoppar 251,5 meter i Vikersund Foto: NRK

Men målet om å vinne verdscupen samanlagt gjekk i vasken.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote