Hopp til innhold

Mellomfornøgd Fannemel etter OL-debuten, men trur på lange svev i stor bakke

Etter ein 15. plass i normal bakke i søndag kveld, er Anders Fannemel frå Hornindal litt skuffa over OL-debuten. No ser han fram mot neste konkurranse, der dei lange sveva kjem.

Ander Fannemel debuterer i OL

NÅDD MÅLET: Å delta i OL har vore eit viktig mål for Anders Fannemel. Fredag gleda han seg over å få vere med på opningsseremonien i Sotsji.

Foto: MICHAEL DALDER / Reuters

– Eg er litt skuffa over at eg ikkje får ut det eg kan på gode dagar, men likevel så er eg greitt fornøgd. Eg kunne hatt betre timing, men eg blir litt sein og mister ein del energi. Det gjer at eg hoppar tre-fire meter for kort til å vere med i toppen, seier Anders Fannemel, etter å ha gjennomført sin første OL-konkurranse i hopp.

Honndølen er den første skihopparen frå fylket som har klart å hevde seg i toppen på over 30 år. Å delta i OL er stas, og han er glad for å vere på plass i OL-byen Sotsji.

Har nådd eit stort mål allereie

– Det var ei fin oppleving å vere med på opninga for meg som alltid har sett på OL som eit mål. Det var kjekt å vere med der, seier han.

I kvalifiseringa hadde Fannemel det fjerde beste hoppet, med eit hopp på 100 meter. Søndag kveld strekte han seg til 98 og 98,5 meter. Han avviser at det var OL-nervar som spelte inn.

– Eg takla det bra i dag. Hoppinga var i grunn bra, men den skulle vore enno betre. Dei ti beste hopparane slepp å delta i kvalifiseringa, så det spelar inn. Og når det er OL må ein forvente eit høgare nivå, mange hevar seg litt ekstra når det verkeleg gjeld, seier han om dagens renn.

Anders Fannemel i OL i Sotsji

GLER SEG TIL NESTE RENN: Anders Fannemel trur den store bakken i Sotsji passar han godt, og forventar lange svev.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Polske Kamil Stoch vann rennet, med dei lengste hoppa både i første (105,5 meter) og andre omgang (103,5 meter). Beste norske vart Anders Bardal, som tok bronsemedalje. Anders Fannemel vart nest best av dei norske. Rune Velta vart nummer 22 og Anders Jacobsen nummer 27.

Forventar å gjere det bra i stor bakke

Fredag 14. februar ventar ein ny konkurranse i stor bakke. Det ser Fannemel fram til.

– Eg gler meg veldig til storbakken. Eg trur den passar meg bra, og eg hoppar på ein måte som eg trur vil fungere bra der.

Fram mot fredag er det fysisk trening som står på programmet, men det blir også litt fritid, slik at han får slappe av under OL-opphaldet.

– Då får eg oppleve litt av Sotsji. Eg er imponert over det dei har fått til sidan sist eg var her. Alt er slik det bør vere. Det stod igjen litt ryddearbeid då vi kom, men det meste var på plass til opninga. Eg syns det er ganske god OL-stemning no.