Hopp til innhold

Fannemel såg framgang i Innsbruck

Anders Fannemel var skuffa etter 14. plass i Garmisch-Partenkirchen. Laurdagens kvalifisering i Innsbruck viste teikn til betring for honndølen.

Anders Fannemel

BETRING: Anders Fannemel har ikkje heilt fått det til i den tysk-austerrikske hoppveka.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Honndølen var førehandskvalifisert til tredje rennet av den tysk-austerrikske hoppveka, men hoppa likevel i dagens kvalifiseringsrenn.

Med 122,5 meter, og totalt 121,2 poeng plasserte, var han den åttande beste hopparen. I duellen søndag møter han polske Dawid Kubacki.

– Det var litt betre i dag. Eg får brukt litt meir energi i hoppinga. Då er eg i det minste inne i topp ti igjen. Eg har litt å jobbe med, seier Fannemel til NTB.

Honndølen kom til hoppveka som verdscupleiar, men har ikkje fått det heilt til å stemme i dei to første renna. Michael Hayboeck (Austerrike) har overteke leiinga i samandraget med 549 poeng. Fannemel og Roman Koudelka (Tsjekkia) står begge med 530 poeng.

I hoppveka er Fannemel nummer 11 i samandraget. Noko samanlagtsiger her har han allereie gjeve opp. No handlar det om å finne tilbake til suksessen som plasserte han øvst i verdscupsamandraget.

– Rytmen og dynamikken i tilløpet må på plass. Då får eg forhåpentlegvis meir løft i hoppinga. Alt kan vere på plass søndag, seier han til NTB.

For med åttandeplassen laurdag, ser det ut til å gå rett veg for Fannemel.

– Målet er topp ti, men fungerer ting bra er eg med i kampen om pallplassering, seier han.

Alle dei sju norske hopparane tok seg vidare frå kvalifiseringa. Rennet startar søndag klokka 14 og går direkte på NRK1.