Hopp til innhold

Fannemel på pallen i verdscupen

Anders Fannemel vart nummer to i dagens verdscuprenn på Lillehammer.

Anders Fannemel

NESTEN: Anders Fannemel var 2,9 poeng frå å vinne verdscuprennet på Lillehammer.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Under svært vanskelege forhold strekte Anders Fannemel seg til 132,5 meter i første hopp. Dette følgde honndølen opp med 139,5 meter i andre omgang.

Det var likevel ikkje nok til å slå austerrikske Gregor Schlierenzauer, som vann med 302,7 poeng. 2,9 poeng meir enn Fannemel.

På andreplass

Fannemel har hoppa lengst av alle hopparane på Lillehammer dei siste dagane.

Difor vart han også rekna som favoritt til å vinne verdscuprennet i Lysgårdsbakken.

– Det er kult det. Eg berre håpar eg taklar det forventingspresset. Eg skal vere vanskeleg å slå i dag, gliste honndølen like før rennet. Det gjorde Fannemel som var 1,6 poeng bak leiande Schlierenzauer etter første hoppet.

– Han hoppar godt

Då Fannemel strekte seg sju meter lengre i andre omgang, rekna nok dei fleste med at det ville halde til hans første individuelle verdscupsiger. Så feil kunne ein ta.

Med 7. plass var Anders Bardal nest best av dei åtte nordmennene som hoppa finaleomgangen. Vidare følgde Andreas Stjernen (15), Joachim Hauer (22), Kenneth Gangnes (24), Daniel-André Tande (25), Robert Johansson (26) og Tom Hilde (30).

I fjor var Fannemel 0,1 poeng frå å vinne tilsvarande renn. NRK sin ekspertkommentator, Espen Bredesen, var nøgd med det han såg av Norge sin mest stabile hoppar for tida .

– Han hoppar godt, konkluderte den tidlegare olympiske meisteren.