Fannemel nådde eige mål og kom på ein 14. plass i dagens hopprenn

Anders Fannemel frå Hornindal fekk ein imponerande 14. plass under verdscuprennet i Willingen i dag.

SKIJUMPING/ Norway's Sklett Rune Fannemel and Bardal celebrate after they won the Large Hill Team Ski Jumping World Cup competition in Willingen

FORNØGD: Anders Fannemel har all grunn til å vere fornøgd etter å ha sikra seg fyrsteplassen i laghopp i går og ein solid 14. plass under verdscupen i dag.

Foto: ALEX DOMANSKI / Reuters

Med eit hopp på 138 meter i fyrste omgang og på 140 meter i andre heldt det til ein 14. plass under søndagens verdscuprenn i Willingen. Han vart også den tredje beste nordmannen under dagens renn.

– Eg er ganske fornøgd med hoppinga mi i dag. Eg treff ganske bra på begge hoppa. Det er sjølvsagt mange småting å justere på, men det var ei god kjensle, fortel Fannemel.

Tidlegare i veka har Fannemel sagt at han håpa at han skulle klare å bli blant dei 15 beste i dagens renn.

– Det var eit offensivt mål frå mi side så eg er veldig fornøgd med å klare å bli nummer 14. Alle dei beste i verda i med så det er ganske hard konkurranse og det er småting som kan utgjer både poeng og meter, seier Fannemel.

– Kor mykje betyr det for deg å gjere det så godt i dagens renn?

– Det er sjølvsagt veldig moro! Det er godt at eg klarer å halde meg stabilt bra over lenger tid. Det har jo ikkje vore mi sterke side tidlegare. Det betyr ganske mykje, fortel Fannemel,

Var med på lagsigeren til Noreg

Laurdag var også Anders Fannemel ein del av laget då Noreg fekk fyrsteplassen i laghopp.

– Det var heilt ekstremt moro å få vere med på det laget. Det var ei god kjensle, spesielt i fyrste gong då eg hoppa frå andre i pulja mi, fortel Fannemel.

– Alltid vore ein draum for meg

Det unge hopptalentet frå Hornindal har alltid hatt eit mål om å bli ein del av verdscuplaget. No har den draumen for alvor gått i oppfylling.

– Det har alltid vore ein draum for meg å få vere ein del verdscuplaget og det er ganske kjekt når ein byrjar å nærme seg dei beste i verda, fortel ein strålande glad Fannemel.

Fyrsteplass til Bardal

Fyrsteplassen under søndagens hopprenn gikk til Anders Bardal som med 145.5 meter i fyrste omgang og 148 meter i andre sikra seg 277 poeng totalt.

Rune Velta kom på ein 10. plass, Bjørn Einar Romøren på ein 16. plass, Andreas Stjernen på ein 25. plass, Atle Pedersen Rønsen på ein 37. plass og Vegard Haukø Sklett på ein 43. plass.