Hopp til innhold

Nøgd med eigen innsats under sommarhoppveka

Sjølv om han måtte nøye seg med ein åttandeplass i Lysgårdbakken sundag er Anders Fannemel nøgd med innsatsen under sommarhoppveka.

Anders Fannemel

SOMMARHOPPVEKA: Anders Fannemel er framleis litt ustabil, men nøgd med hoppinga så tidleg i sesongen.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

– Eg hoppar betre no enn eg har gjort tidlegare sommrar. Det er eit god teikn.

Fredag hoppa Fannemel til ein 4. plass i Gjerpenkollen. Laurdag blei det full klaff og 1. plass i Midstubakken. Medan han i sundagens renn i Lysgårdbakkene enda på 8. plass.

– Eg er litt ustabil endå, men eg er ganske nær toppnivået.

– Kor viktige er desse hopprenna no om sommaren?

– Dei renna vi har no i helga er ikkje så viktige, det er meir ein gjennomgang så vi får ein peikepinn på korleis ting ser ut. Det er ein god måte for å sjå korleis forma er.

Om fire veker blir det meir alvor med internasjonale konkurransar

– Neste store målet blir Grand Prix som startar i Polen om tre-fire veker.