Hopp til innhold

Fannemel imponerte stort

Honndølen Anders Fannemel vart nummer fem på god norsk laurdag på Lillehammer.

18-åringen strekte seg til 126 og 131,5 meter i dei to hoppa i kontinentalcuprennet. Med totalt 248,2 poeng, var han berre seks poeng bak landsmannen Thomas Lobben, som snappa den siste medaljeplassen.

Best av dei 64 hopparane var veteranen Roar Ljøkelsøy med hopp på 133 og 130,5 meter. Det gav han 266 poeng. Fredrik Bjerkeengen vart nummer to.

Stårheimhopparen Akseli Kokkonen har gjort sine saker bra etter at han vart norsk statsborgar. På Lillehammer gjekk det derimot ikkje fullt så bra, då han til slutt enda på 19. plass med 222 poeng etter hopp på 118 ,5og 125 meter. Kokkonen er framleis nummer tre i samandraget med 243 poeng.

Søndag er det duka for nytt renn i Lysgårdsbakken.