Hopp til innhold

Lada opp til OL med 50 treningshopp

Anders Fannemel (22) lada opp til OL-debuten med ikkje mindre enn 50 treningshopp på fire dagar. – No berre gler eg meg til å komme i gang med hoppinga i Sotsji, gliser honndølen.

Anders Fannemel

KLAR: Anders Fannemel er saman med Johannes Thingnes Bø OL-debutantane frå Sogn og Fjordane.

Foto: Ole Andre Rekkedal/NRK

Honndølen har så godt som mogleg brukt tida etter NM-sølvet på Lillehammer til å førebu seg til sitt første olympiske meisterskap.

Verken Anders Fannemel eller resten av dei OL-klare skihopparane deltek i verdscuprenna i Willingen denne helga. Dei siste dagane har han meir eller mindre halde seg i skibakken frå klokka 09 til 16.

– Etter NM tok eg det ganske roleg i fem-seks dagar med berre fysisk trening. Frå måndag til torsdag gjennomførde vi 40–50 hopp under krevjande forhold her på Lillehammer, seier 22-åringen.

– 50 hopp er mykje

– Så eg føler eg har ein klar idé om kva eg skal gjere når eg kjem til Sotsji. Eg håpar eg klarer det, held han fram.

Germany Ski Jumping World Cup Anders Fannemel

MEDALJE: – I OL er det medaljar som tel, og eg har mål om å reise heim med medalje, seier Anders Fannemel.

Foto: Jens Meyer / Ap

Opp mot 50 hopp på under ei veke er mykje. Sjølv for ein skihoppar. Men så er det trass alt berre OL kvart fjerde år. Meisterskapen som har sitt opphav frå det gamle Hellas, men blåst liv i att på slutten av det 19. hundreår.

– Det er veldig mykje til å vere midt på vinteren. I konkurransesesongen hoppar eg ikkje på trening, men om sommaren hoppar eg kanskje 20 hopp i veka. 50 hopp på fire dagar er mykje, så eg håpar å få betalt for det, seier han.

Fire medaljehåp

I tillegg har tida gått til analyse, teknikkterping og tid på å optimalisere utstyret. Hoppdressane er testa, nye ski og bindingar er klargjorde for å gjere OL-debuten best mogleg.

Når han set seg på flyet måndag morgon, er det med ein draum om å komme heim med edelt metall.

– Det er mykje som må vere på plass før ein er heilt klar, seier hopparen som er eitt av fire medaljehåp frå fylket som deltek i dei 22. olympiske vinterleikane.

I alt skal det konkurrerast i 98 medaljeøvingar innan 15 idrettsgreiner. Sogn og Fjordane har sine utøvarar i skiskyting og skihopping.

Fire medaljehåp

Tarjei og Johannes

BRØR: Johannes Thingnes Bø (t.h.) har kome som ein komet denne sesongen. I Sotsji jaktar både han og Tarjei medaljar.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Frå Stryn reiser brørne Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø. Sistnemnde også som OL-debutant. Frå Vik reiser Ann Kristin Aafedt Flatland. Alle er skiskyttarar. Til slutt er det altså skihopparen frå Hornindal, Fannemel.

Flatland

MEDALJEHÅP: Ann Kristin Aafedt Flatland jaktar medalje i nok eit OL.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Fredag er det duka for opningsseremoni på OL-stadion. Laurdag skal hopparane ut i sitt første kvalifiseringsrenn til meisterskapens første hoppkonkurranse søndag.

– Det er ganske stort for meg dette. Å få delta i OL er jo ein av draumane mine, så eg er spent på om eg klarer å hoppe på ski der også, gliser 22-åringen.

Håpar på nervar

– Eg berre håpar eg at eg blir nervøs, for det er eit bra teikn, held han fram og vedgår at han ser på lagkonkurransen 17. februar som hans største medaljehåp.

I verdscupsamandraget er han nest beste nordmann på 23. plass. Anders Bardal er nummer seks.

– Det er veldig høgt nivå no, og sjølv om det er småting som gjer om eg er i toppen eller botn av lista, så har eg ikkje vore på pallen i år. Men eg har vist at eg har eit toppnivå som er bra nok, seier Fannemel og legg til:

– Samstundes har vi ikkje vore på pallen i laghopping. Vi må ha ein veldig god dag om vi skal ha med oss medaljar heim, seier Fannemel.

Håpar på kamp

Det føreset at honndølen, som har verdas nest lengste hopp på 244,5 meter, også kvalifiserer seg til det norske laget.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Honndøler stolte over Fannemel rekord.

SJÅ TV-SAK: Honndølene var stolte over kjempehoppet til Anders Fannemel i 2012.

– Eg håpar det blir kamp om plassane på laget. Det vil vere eit veldig godt teikn med tanke på laghoppinga, legg han til.

Men så var det denne teknikken som for Fannemel har gjort store utslag. Sesongen har vore svingande. Frå 60. plass i Oberstdorf som sesongens dårlegaste plassering, til 5. plass i under skiflyginga i Tauplitz/Bad Mitterndorf.

– Ein evig kamp

– Teknikken er ein evig kamp i skihopping, seier Fannemel.

Anders Fannemel styrketrening

HAR TRENA: Anders Fannemel har vore lite heime i Hornindal i OL-førebuinga. – Med tanke på treningsoverskot og reisebelastninga, er det best å vere på Lillehammer når ein trenar.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Og det kan sjå ut som om eg har svinga forferdeleg mykje teknisk, men eigentleg er det centimeter eller ein millimeter i balanseskilnad som gjer utslaget. Du blir straffa veldig hardt i hoppbakken når du gjer småfeil, seier han og meiner mange dårlege plasseringar eigentleg ikkje seier alt om sjølve hoppet.

– Hadde det vore så ustabilt som resultata tilseier, så hadde eg nok ikkje klart å snu det. Det ser meir ekstremt ut enn det er, seier han.

Bombetrussel

Fleire menneske har mist livet i fleire terrorangrep i Russland siste månadane. Ei islamistgruppe frå Nord-Kaukasus har også trua med meir vald under OL. Det førte til ein tilnærma omringa OL-by.

Fannemel seier han ikkje har tenkt særskilt over terrorfaren. Det er heller ikkje noko tema blant utøvarane.

– Det er litt spesielt at ein skal reise til eit idrettsarrangement der det er så store politiske ting. Men eg er der for å hoppe på ski, og eg trur tryggleiken der blir godt bevart frå arrangøren si side. Eg både håpar og trur at dei har kontroll, seier Fannemel.

– Det kan jo vere at eg tenkjer over det når vi kjem dit. Men det er ikkje noko eg uroar meg for, avsluttar han.