Dermed blir han å finne på startlista når rennet startar laurdag klokka 13.45.
Fannemel hoppa 132,5 meter i kvalifiseringa, og var dermed beste nordmann. Beste hoppar var Wolfgang Loitzl frå Austerrike som hoppa 138 meter.
Det blir også alle dei andre norske hopparane. Anders Bardal var kvalifisert frå før, og resten av dei norske hopparane klarte også kvalifiseringskravet.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Sju kjempar om seks plassar
Fannemel har i haust hatt framgang på viktige testar, og han har gjort alt for å kunne prestere i høgdepunkta i vinter; Hoppveka, VM i skiflyging og OL i Sochi.
– Eg har iallfall gjort så godt eg kan. Eg manglar dei heilt gode konkurransane på plass i sommar, men det er på snø det gjeld, sa Fannemel til NRK.no tidlegare i vinter.
Og nettopp verdscuprenna i Engelberg i helga kan fort bli avgjerande for om Fannemel får billett til Hoppveka og til OL.
Sju mann kjempar om å komme på laget til den tysk-austerrikske hoppveka. Men Norge har berre seks plassar. Dermed er det éin mann som ikkje får reise.
- LES OGSÅ:
Må bli meir stabil
Fannemel har ikkje synt strålande stabile resultat så langt i vinter, og har understreka at han no ønskjer å syne at han kan gjer fleire gode hopp i eitt renn.
Under verdscuprennet på Lillehammer for to veker sidan, klarte han ikkje å kvalifisere seg til laurdagens renn. Men søndag stemde det for hopparen frå Hornindal.
– Det var godt å få til eit par gode skihopp i dag. Alt i alt er eg nøgd, sa Fannemel då.
Men under verdscuprenna i Neustad førre helg, fungerte ikkje ting som det skulle, og både Anders Fannemel, Anders Jacobsen og Ole Marius Ingvaldsen måtte sjå finaleomgangen frå sletta.