Hopp til innhold

Fannemel fekk VM-billett

Anders Fannemel (20) er klar for verdsmeisterskapen i skiflyging i Vikersund.

SKIJUMPING/ Norway's Sklett Rune Fannemel and Bardal celebrate after they won the Large Hill Team Ski Jumping World Cup competition in Willingen

KLAR: Honndølen Anders Fannemel er klar for sitt første verdsmeisterskap som skihoppar.

Foto: ALEX DOMANSKI / Reuters

Under ein pressekonferanse på Gardermoen måndag presenterte sportssjef Clas Brede Bråthen og landslagstrenar Alexander Stöckl dei fem hopparane som får delta i VM i skiflyging i Vikersund.

Blant namna som vart presenterte var den 20 år gamle hoppkometen frå Hornindal.

– Du har overraska

Einaste som var klar før uttaket måndag, var verdscupleiar Anders Bardal.

Før helgas skiflygingsrenn i Oberstdorf stod Anders Fannemel med 190 meter som bestenotering. I Tyskland strekte han sin personlege rekord til 216 meter.

(Artikkelen held fram under TV-klippet)

Video Fannemel hoppet 210 meter

SJÅ: Fannemel flyge 210 meter.

Stöckl gjentok det han sa til NRK tidlegare i veka om innsatsen til Fannemel.

– Anders, du har vore overraskande god dei siste vekene. Du kjem inn og konkurrerer og presterer. Sjølv med presset opp mot VM no, så klarer du å prestere, sa Stöckl til hopparen sjølv under pressekonferansen.

Har medaljesjansar

I tillegg til Fannemel og Bardal, fekk også Rune Velta, Bjørn Einar Romøren og Tom Hilde VM-billett. Stöckl meinte dei norske hopparane så langt i sesongen har gjeve resultat både individuelt og som lag.

Dei har vunne ein konkurranse i laghoppinga i verdscupen, og vart i helga nummer tre. Begge i skiflyging, og begge med Fannemel som førstemann.

– Vi har sjansen på medaljar, men kan ende opp utan noko som helst, la Stöckl til.

– Vi er utfordrarar

– Det er ikkje slik at vi må vinne, men vi kan og vi vil vinne. Vi kan vere verdas beste hopparar, sa sportssjef Bråthen under pressekonferansen. Han la til:

– Vi er utfordrarar i meisterskapen. Både individuelt og som lag. Draumen er at søndag eller laurdag ettermiddag, så runger «Ja, vi elskar».

Med blir ikkje Johan Remen Evensen som i fjor sette verdsrekord i nettopp Vikersund-bakken med 246,5 meter. Måndag vart det klart at skihopparen frå Molde i staden legg hoppskia på hylla.