Hopp til innhold

Fannemel er årets skiflygar i verda

Honndølen Anders Fannemel er årets skiflygar i heile verda. – Kjekt og uventa, seier 21-åringen.

Fannemel fekk pris

FEKK PRIS: Frå venstre: KOP-president Peter Kruijer, Anders Fannemel, Rudi Tusch (medlem av hoppkomiteen for Tyskland) og Josef Geiger (President i SC Oberstdorf).

Foto: Geir Holen / Vikersund Skiflyging

Det er fire og ein halv månad sidan honndølen flaug ned til verdas nest lengste skihopp gjennom tidene. Berre Johan Remen Evensen har hoppa lenger på ski, med sine 246,5 meter.

Svevet på 244,5 meter i monsterbakken i Vikersund skapte store overskrifter i media, og toppa ein allereie bra sesong for hoppkometen. I andre omgang gjekk det ikkje like bra, og han enda på ein 13. plass med «berre» 179,5 meter.

«KOP Man of the Year»

Men svevet gjorde inntrykk også langt utanfor dei norske grensene. Førre helg vart han kåra til årets skiflygar i heile verda.

Anders Fannemel

ÅRETS SKIFLYGAR: Her har Anders Fannemel nettopp landa etter tidenes nest lengste skihopp: eit svev på 244,5 meter.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Det er sjølvsagt veldig kjekt å få ein slik pris. Men det var også uventa med so mange andre knallgode skiflygarar, som Robert Kranjec (verdsmeistar i skiflyging 2012).

På laurdag var han i Oberstorf i Tyskland der han mottok prisen «KOP Man of the Year» frå den internasjonale skiflygingsorganisasjonen KOP.

– Det er fint å bli sett pris på på denne måten, seier Fannemel, som kjem frå Hornindal kommune i Sogn og Fjordane.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Honndøler stolte over Fannemel rekord.

Honndøler stolte over Fannemel rekord.

Gler seg til ny hoppfest i monsterbakken

Den siste helga i januar er det klart for ny hoppfest i Vikersund, noko 21-åringen gler seg til.

– Eg har lyst til å få til eit like bra hopp som det eg hoppa i vinter, men då er det mykje som skal klaffa. Både form, forhold og fart må vera perfekte for at eg skal få det til ein gong til, men eg håpar at det går.

– Korleis føltes det då du kom ut over kulen i det hoppet?

– Eg kjente at det kunne bli langt, det kjennest alltid bra når ein får til eit bra skihopp.

Anders Fannemel blir gratulert av Bjørn Einar Romøren etter kjempehoppet

ÅRETS SKIFLYGAR: Hoppet på 244,5 meter i Vikersund den 25. februar sørga for at Anders Fannemel er Årets skiflygar i heile verda. Her blir han gratulert av Bjørn Einar Romøren.

Foto: Rune Fossum / NRK

Fannemel suste høgt nedover unnarennet, og då han passerte 200 meter hadde han framleis bra fart og høgde.

– Det går jo veldig fort, so eg hadde allereie byrja å teinke på landinga; at eg berre måtte stå i mot so godt eg kunne. Og det funka jo bra, det.

(Artikkelen held fram under monsterhoppet)

Video Fantastisk hopp av Anders Fannemel

Fantastisk hopp av Anders Fannemel

Frå B til A

Anders Fannemel omringa av media
Foto: Rune Fossum / NRK

21-åringen vart før årets sesong ein del av A-landslaget i hopp, og overgongen frå B- til A-lag har gått bra.

– Eg har ikkje merka so veldig stor forskjell, men det er litt fleire samlingar, betre oppfølgjing og betre tilrettelegging.

Sommarhoppinga brakar laust den 20. juli, noko Fannemel vil vera med på.

– Eg håpar eg får vera med der, det er ikkje vits i at eg hoppar om eg ikkje hoppar bra nok. Men det vil tida vise, og slik det ser ut no so er det A-laget som reiser.

Hoppveka og OL

Vintersesongen startar i slutten av november, og like etter jul ventar årets høgdepunkt.

– Eg håpar å få vera med å konkurrera i den tysk-austeriske hoppveka. Det er jo kanskje det største som skjer i vinter. Får eg tillit der, so har eg lyst å vera med å kjempa i toppen, men då er det mykje som skal klaffa, seier han.

Men Fannemel seier det ikkje vil vera noko nederlag å måtte nøya seg med verdscup. Om han gjer det godt der, kan ein plass på OL-laget i russiske Sotsji i 2014 vera innan rekkevidde.

– Det er jo ikkje so veldig lenge til OL. Eg håpar sjølvsagt å få vera med der også.