Hopp til innhold

Fannemel beste nordmann - vart nummer fem i stor bakke

Med to hopp på 132 meter gjorde Anders Fannemel frå Hornindal ein imponerande innsats under svært varierande vêrforhold i Sotsji. Det heldt til ein 5. plass.

Anders Fannemel

NESTEN: Anders Fannemel vart beste nordmann på ein ccplass i hopprennet i stor bakke i OL i Sotsji.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Det var litt lettare å fly i dag, men det sat ikkje heilt. Det er fortsatt litt tomt, men det er veldig nærme, sa Fannemel til TV.2 etter første omgang.

Han låg på 7. plass etter første omgang, men klarte å fokusere på arbeidsoppgåvene, og hoppa 132 meter også i andre omgang.

Polske Kamil Stoch vann rennet, Noriaki Kasai frå Japan tok sølv, medan Peter Prevc frå Slovakia tok bronse. Anders Bardal hamna til slutt på 16. plass og Rune Velta hamna på 24. plass.

– Fannemel gjorde jobben i dag. Han fokuserte på arbeidsoppgåvene og gjennomførte eit godt hopprenn, seier TV2-ekspert Kjetil Strandbråten.

Hadde store forventningar

Fannemel hamna på 15. plass i OL-debuten i normal bakke førre søndag, og var då ganske skuffa. Han hadde store forventingar til rennet i dag.

– Eg er litt skuffa over at eg ikkje får ut det eg kan på gode dagar, men likevel så er eg greitt nøgd. Eg kunne hatt betre timing, men eg blir litt sein og mister ein del energi, sa Fannemel etter sin første OL-konkurranse.

Honndølen er den første skihopparen frå fylket som har klart å hevde seg i toppen på over 30 år.

Meiner rennet burde vore stoppa

Anders Bardal var ein av favorittane til å kunne ta medalje i storbakken i Sotsji. Men vekslande vêrforhold gjorde at han ikkje fekk til gode hopp.

NRKs hoppkommentator Arne Scheie meiner hopprennet burde vore stoppa på grunn av dei dårlege vêrforholda.

– Han fekk altfor dårlege forhold. Juryen burde ha stoppa rennet, seier Scheie.