Hopp til innhold

Hoppveka: Her flyr Anders ned til solid plassering

Julematen har sett lite spor hos Anders Fannemel frå Hornindal. I kvalifiseringa til det første rennet i hoppveka fekk han det lengste hoppet av dei norske deltakarane.

SKIJUMPING/4HILLS Fannemel from Norway soars through the air during the trial round for the first jumping of the 63rd four-hills ski jumping tournament in Oberstdorf

LENGST: Anders Fannemel klinte til med 134,5 meter i Oberstdorf, og dermed lengst av dei norske utøvarane.

Foto: MICHAEL DALDER / Reuters

Vanskelege vindforhold gjorde at Fannemel måtte vente lenge på toppen, men når han først fekk sleppe seg ut gjorde nordfjordingen det svært bra. Med eit hopp på 134,5 meter kom han på 8. plass i kvalifiseringa, og dermed nest best av dei norske.

Peter Prevc vann kvalifiseringa i Oberstdorf, men det var også mykje god norsk hopping. Rune Velta blei nummer sju, Anders Fannemel åtte og Anders Bardal nummer ti. I tillegg blei Phillip Sjøen (14), Johann Forfang (20) og Anders Jacobsen (29) kvalifisert for rennet søndag.

Det første rennet i hoppveka ser du direkte på NRK1 klokka 16.20 søndag. Du kan også sjå rennet i vår nett-TV.