NRK Meny

Hadde smedgrav frå vikingtida i hagen

Leif Arne Nordheim skulle berre ordne og fikse litt i hagen. Lite visste han om kva historiske skattar som låg under nokre steinheller han hadde irritert seg over....

Unik vikinggrav funne i eigen hage

SJÅ TV-SAK: Leif Arne Nordheim skullle berre flate ut plenen. Plutseleg hadde han opna ei til no ukjent vikinggrav frå 800-talet.

Artikkelen er mer enn to år gammel.

– Det var litt spesielt. Her har vi budd sidan 1975 og ikkje ant nokon ting. Vi har sprengt i delar av hagen og greve vassleidning.

Leif Arne Nordheim i Sogndalsdalen hadde inga aning om kva skattar som låg skjulte i hagen hans.

(Saka held fram under biletet)

Leif Arne Nordheim

BUDD DER SIDAN 1975: Nordheim hadde merka hellene under plenen, men ante lite om kva som venta han då han bestemte seg for å fjerne dei.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Eg hadde merka at det var nokre heller som stakk opp, slik at eg måtte løfte plenklipparen over dei. Så då naboen hadde gravemaskin i hagen ville eg nytte høvet til grave vekk hellene.

Visste ingenting

Han oppdaga ikkje noko spesielt i starten. Men førre veke då han skulle gjere arbeidet ferdig fann han ei tang som kunne vere ei smedtang, men tenkt ikkje så mykje meir på det.

– Då eg fann eit sverd som stakk opp av jorda forstod eg at dette nok var meir enn eit par hundre år gamalt.

(Saka held fram under biletet)

Vikingfunn i Sogndal

FUNN FRÅ 800-TALET: Eit vikingsverd er blant gjenstandane som er funne i hagen i Sogn.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Han stoppa alt arbeid og gav beskjed til Fylkesmannen om funna. Det vart då slått fast at funna var frå vikingtida.

Norheim visste ikkje noko om at huset hans står på på historisk grunn. Alt han veit er at det går ein gamal bygdeveg rett forbi huset og som i dag er gardsveg. Men knappe ein kilometer frå garden vart Eggumsteinen funnen med runeskrift.

(Saka held fram under biletet)

Arkeologar

HAGEARBEID UTSETT: Det er arkeologane som grev i hagen der det vart gjort historisk funn frå vikingtida.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Unikt funn

I dag kravlar ekspertar frå Universitetet i Bergen og frå fylkeskommunen si kulturavdeling rundt på alle fire i hagen for å finne fleire skattar. Fylkeskonservator Eva Moberg er ein av dei.

– Dette er eit heilt unikt funn som det går tiår mellom kvar gong vi finn. Sist vi fann noko liknande i Sogn og Fjordane er rundt hundre år sidan. Då vart det funne ei smedgrav, og det var i 1913, seier Moberg.

Ho konstaterer at også på landsbasis er eit slikt funn av ei smedgrav sjeldan vare, og at det knapt er kvar generasjon som får oppleve slike funn.

– Det er ikkje så vanleg med slike funn. Så det er absolutt eit stort funn i norsk samanheng og. Vi snakkar om funn frå 800-talet, tidleg vikingtid.

Ho rosar grunneigaren for å ha teke kontakt og varsla om funnet. Det offentlege tar nemleg alle kostnadar med utgravingar. Etter at utgravingane er ferdige vil grunneigaren kunne ordne hagen slik han hadde tenkt, lovar Moberg.

Vil gjere gjenstandane tilgjengelege

Gjenstandane som er funne i hagen vil bli reinsa og konserverte. Så vil dei bli gjort tilgjengelege for folk i ved museet i Bergen.

Eva Moberg

UNIKT FUNN: – Det er sjeldan funn også i landssamanheng som er gjort i hagen i Sogn, seier fylkeskonservator Eva Moberg.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Men det kan godt hende at desse gjenstandane kan bli presenterte på ei eiga utstilling med tida, seier Moberg.

For grunneigar og huseigar Leif Arne Norberg blir ikkje hagen heilt ferdig planert med det første. Men eit minne for livet har hagen gitt han.

– Det er flott dersom dei kan finne ut noko om historia bakover. Det skal bli interessant. Dette blir ei artig historie å fortelje vidare, humrar Nordheim.

Leif Arne Nordheim

UNDERSØKER: UiB forskar Asle Bruen Olsen. Eit fantastisk fint gravfunn frå tidleg vikingtid, seier han.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK
Navnestrid i Sunnfjord
2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
Dab-dekning i tunnelar