Hopp til innhold

Her fann politiet store mengder tjuvegods

Fordelt på to depot i naturen fann politiet tjuvegods for kring 300.000 kroner. Politiet meiner ein litauar i 20-åra står bak.

Her fann politiet i Stryn depot.

DEPOT: Like utanfor Stryn sentrum, fann politiet store mengder gods som stamma frå innbrot og tjuveri i Nordfjord.

Foto: Politiet

Etter ei lang rekkje innbrot i Nordfjord og på Sunnmøre vart mannen pågripen etter tips frå publikum i starten av februar.

Fann depot med tjuvegods i Stryn.

INNPAKKA: Godset var godt pakka inn i diverse materiale for å beskytte mot vêr, vind og regn.

Foto: Politiet

Vel ei veke seinare fann politiet det første av to depot. Gøymt i terrenget utanfor Stryn fann politiet ein stor del tjuvegods. Eit tilsvarande depot vart avdekka på Sunnmøre.

– I begge depota fann vi sølvtøy, smykkar, datamaskiner, iPad og telefonar. Store delar av det som vart stole er funne att, seier politibetjent Jan Tore Sunde.

Har funne tjuvegods

Sunde vil ikkje seie kva i etterforskinga som leia politiet til dei to depota.

Mann pågripen i Stryn

PÅGRIPEN: Etter tips frå publikum vart mannen pågripen i denne engelskregistrerte bilen.

Foto: Politiet

– Men vi kan knyte sikta til fleire av gjerningsstadane og til godset som er funne. Godset kan vi spore attende til tjuveria, seier han.

Politiet meiner å kunne knyte mannen til ti saker. Åtte i Nordfjord og to i Ørsta/Volda. I alt meiner politiet at det handlar om verdiar for kring 300.000 kroner.

Var på ferie

Forsvararen til mannen, Petter Bonde, vil ikkje kommentere saka før han har sett den endelege tiltalen.

Fann depot med tjuvegods i Stryn.

GØYMT: Pakkane var plassert under ulike steinar for å tole vêr og vind til det vart plukka opp.

Foto: Politiet

Mannen har sagt til politiet at han var på ferie då han vart pågripen. Han har sete varetektsfengsla sidan pågripinga. 25. mars avgjorde Fjordane tingrett at politiet kan halde på han til 16. april.

– Han nektar for å ha noko med sakene å gjere. Han har ikkje samarbeidd med politiet og stiller seg uforståande til det han er sikta for, seier Sunde.

Ser ikkje bort frå fleire

Politiet meiner mannen opererte åleine sjølv skulle plukke med seg tjuvegodset ut av landet.

Politiet sine bilete av fotavtrykk etter innbrot

SPOR I SNØEN: Politiet sikra seg fotavtrykk etter innbrota i Stryn.

Foto: Politi

– No set vi saman saka, går igjennom beslaga og gir godset tilbake til fornærma, seier Sunde og ikkje ser bort frå at fleire hus- og hytteeigarar kan få seg ei ubehageleg overrasking i påska:

– Fleire av husa han har gjort teke seg inn i er ubebudde hus som er sjekka i ettertid. Det kan framleis vere hytter og hus som folk berre besøker i ferie, så vi kan ikkje sjå bort frå at folk kjem i påska og ser at det har vore folk inne.