NRK Meny
Normal

Fann store mengder spesialavfall på privat tomt – fryktar store miljøskadar

FØRDE (NRK): Rusta oljefat, frostvæske, måling, diesel, olje, dekk og metallskrap ligg hulter til bulter. Eigaren vil ikkje love ei rask opprydding, men no tek kommunen affære.

Erik Solheim inspiserer rusta oljefat ved Strømmen LMV på Reset i Førde.

UROA OVER FUNN: Erik Solheim frå Naturvernforbundet inspiserer rusta oljefat ved Strømmen LMV i Førde.

Foto: Bård Siem / NRK

Slik ser det ut ved Strømmen LMV på Reset i Førde. Naturvernforbundet krev umiddelbar opprydding.

Same kva retning ein vender blikket er det skrot, oljefat, store plastdunkar, øydelagde motorar og traktor- eller bilvrak å sjå.

Alt som kan ruste har byrja å ruste. Alt ligg i haugar og dungar. Talsmann for Naturvernforbundet i Indre Sunnfjord, Erik Solheim, likar ikkje det han ser.

– Dette ser ikkje bra ut, sukkar den erfarne miljøvernaren som har vore mangeåring leiar for Naturvernforbundet på landsplan.

Solheim er mest uroa over dei mange rusta oljefata som er fulle av innhald.

– Eg lurer på kva som er på oljefata, seier Solheim medan han leitar etter noko som kan fortelje kva fata inneheld.

Solheim er klokkeklar på at ei fullstendig opprydding må til og at det må skje raskt.

Kan ikkje love rask opprydding

Innehavar av Strømmen LMV, Svein Strømmen, seier oljefata og dei store plastdunkane inneheld olje, frostvæske, diesel og rapsolje. Han lovar å rydde opp, men påpeikar samstundes at det vil ta tid.

– Eg greier ikkje å rydde opp og fjerne alt over natta. Dunkane med måling er eg i ferd med å fjerne, seier han. Strømmen lovar å fjerne oljefata til hausten. Resten vil han rydde opp etter kvart.

Skrot og traktorvrak

VRAKSAMLING: Strømmen LMV sitt område på Reset i Førde inneheld store mengder skrammel og skrot. Blant ingrediensane er både traktor- og bilvrak.

Foto: Bård Siem / NRK

– Kvifor har du lagre alt dette på denne måten?

– Eg kjøpte området i 1999 og hadde store planar for det som står her. Alt har ikkje gått som planlagt. Difor har det vorte ståande, seier han.

Forstår du at Naturvernforbundet reagerer?

– Til ein viss grad. Noko bør fjernast, men mykje kan framleis lagrast her, seier han.

Verre enn kommunen trudde

Leiar for teknisk drift i Førde kommune, Bernhard Øberg, kjenner til at det har vore mykje skrot og skrammel på tomta. Men at det er mange oljefat og store plastdunkar med ukjend innhald, er nytt for han.

Bernhard Øberg

VIL TA AFFÆRE: Leiar for teknisk drift i Førde kommune, Bernhard Øberg, fortel at tilhøva som er avdekt ved Strømmen LMV er verre enn han hadde trudd.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Det kan vere fare for avrenning frå dei mange oljefata. Det NRK dokumenterer her er verre enn det vi har gått ut frå. Vi sender no ut varsel til vedkomande om at det må ryddast opp, seier Øberg. Han legg til at området vil bli rydda på eigaren si rekning dersom han ikkje ryddar opp sjølv.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.