Hopp til innhold

Fann store mengder smuglargods i varebil

Fire menn er varetekstfengsla etter eit stor beslag av øl, sprit og sigarettar.

Smuglarvarer i Førde

STORE MENGDER: 1000 liter øl, 100 liter sprit og 6000 sigarettar blei funne i varebilen.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Jan Egil Tvinde

SPANA: Lensmann Jan Egil Tvinde seier det er sjeldan dei kjem over så store mengder smuglargods.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Lensmann i Førde og Naustdal, Jan Egil Tvinde, seier det er snakk om store mengder smuglarvarer.

– Vi har teke hand om 1000 liter øl, 100 liter sprit og 6000 sigarettar, seier han.

Varebilen blei stoppa i Førde laurdag etter spaning og samarbeid med andre etatar.

Dei fire mennene som no er fengsla, er frå Aust-Europa og er i 20-30-åra. Tvinde seier at smuglargodset skulle til Førde, men vil ikkje seie noko om kven som skulle ha det.

Smuglar-øl i Førde

ØL: Dette er nokre av ølboksane som politiet no har teke hand om.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Det er bra at vi får hand om dette. No er spørsmålet om dette har pågått lenge eller om det er første forsending, seier han.

– Kor ofte kjem de over så mykje smuglarvarer?

– Det er sjeldan. Eg hugsar ikkje sist vi fann slike mengder.

Lensmannen har ikkje tal på kor store beløp som er unndrege toll og avgifter.

– Men vi veit at det er snakk om forteneste i titusenkronersklassen på ein slikt tur.

Saka blir no etterforska vidare av politiet.