NRK Meny
Normal

Fann stolne fiskestenger i hagen

FØRDE (NRK): Tore Eide fann åtte stolne fiskestenger. Politiet oppmodar no folk om å låse garasjar og buer etter at fleire også har blitt fråstolne verktøy dei siste nettene.

Politi Førde, stolne fiskestenger

FISKESTENGER: Åtte fiskestenger blei dumpa i hagen til Tore Eide. Politiet plukka dei opp og ønsker at folk melder seg om dei saknar stonga.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

– Det er ubehageleg å vite at vi ikkje er trygge her slik vi har vore i alle år, seier Tore Eide som bur i Førde sentrum.

Han fekk ein telefon frå bror sin som hadde blitt fråteken verktøy frå garasjen, og då gjekk han for å sjekke hos seg sjølv. Det han fann, var åtte fiskestenger som var dumpa i hagen.

Tore og Frank Eide

FANN STENGENE: Frank og Tore Eide varsla politiet då dei fann tjuvegods i hagen.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

– Eg såg tilfeldigvis dei dyre stengene som var pakka inn i klede og dumpa her, så eg kontakta politiet, seier Eide.

Politiet har no plukka opp stengene, men veit ikkje kven som er eigarane.

– Folk må sjekke om dei manglar fiskestengene sine og ta kontakt med oss om dei trur dei har mista sine, seier politibetjent Kjell Bolsø.

Forsvunne verktøy

Politiet har også dei siste dagane fått fleire meldingar frå folk som har oppdaga at verktøy er blitt borte frå garasjane sine. Dei veit ikkje om dette har samanheng med fiskestong-tjuveria, og dei veit heller ikkje sikkert kven tjuven eller tjuvane er.

– Vi er på utkikk og har bilete av ein person som vi ønsker kontakt med, seier Bolsø.

Han oppmodar folk til å halde buer og garasjar låste i tida framover.

Stolne fiskestenger i Førde

TJUVEGODS: Politiet plukka opp stengene som var dumpa i hagen i Førde sentrum.

Foto: Gro Ravnestad / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.