Arkiv NRK
Anton Kjærvik som tidlegare har vore oppsynsmann i området, fann onsdag 9,5 centimeter breie spor i ei snøfonn, og er ikkje i tvil om at det er ulvespor. Det skriv Sogn Avis.
Men rovdyrforskar Petter Wabakken ved Høgskulen i Hedmark seier det er svært vanskeleg å avgjere om kva dyr det er berre av spora. Det er nemleg svært vanskeleg å skilje ulvespor frå spora til ein stor hund.