Fann sjeldne spor

Det er funne spor etter ein sjeldan offerstad i Botn på Hafslo, skriv Sogn Avis. Arkeologane meiner ei urnegrav med keramikkrestar stammar frå om lag 300 til 400 år etter Kristus. Funnet er så spesielt at det truleg blir stilt ut på Universitetsmuseet i Bergen.