Hopp til innhold

Fann seks nye sauekadaver i Luster

Tapstala er byrja å stige for sauebøndene i Luster. På få dagar er 14 lam stadfesta drepne av jerv.

Lam drepe av jerv

STADFESTA: Til saman 14 lam er stadfesta drepne av jerv i Luster.

Foto: Statens Naturoppsyn

I tillegg er tre sauer usikre. Til no er 103 sauer tekne i fjellområda mellom Årdal og Lærdal. I tillegg er fire sauer drepne av jerv i Stryn.

Ein mistenkjer også at jerven har ytterlegare tre lam på samvitet i Luster. Det skal ikkje vere mange dagane sidan jerven var i området.

Einar Fortun med lam som er drepe av bjørn.

NYE FUNN: Einar Fortun stadfestar at seks nye sauer er tekne av jerv i Luster.

Foto: MMS-foto: Arne Eithun / NRK

– Det er klart at det er trasig for bøndene å sjå dette her, seier rovviltkontakt Einar Fortun til NRK.no.

Fryktar kjempetap

Fortun var onsdag i Tverradalen i Jostedalen for å sjå på nye kadaver. Dette er ein dal nord for Røykjadalen, der Ove Baggetun fann 10 daude lam på måndag.

Drapsmønsteret tyder på at det er same jerven som har teke alle sauene som til no er funne i Jostedalen. Også dei som vart funne onsdag høyrer til Baggetun.

– Når ein finn så mange som ti kadaver på eit lite område, så er eg redd for at vi ikkje har funne alt til no. Eg fryktar kjempetap i år. Det kan bli like stort som i 2006 då vi hadde bjørn her. Då mista eg 63 dyr, sa Baggetun til NRK.no tysdag.

– Start sankinga

Etter at det vart stadfesta at jerven også har vore i Luster og Stryn, oppmoda Rein Arne Golf hos Statens Naturoppsyn, bøndene om å ikkje vente lenger med sauesankinga.

Truleg er det tale om meir enn ein jerv som står bak alle sauedrapa.

– No er det i ein periode det er normal sanking, og det skulle ikkje vere så veldig stor grunn til å ha sauene oppe i området når ein veit at det er jerv i beiteområdet, sa Golf.

Også i Naustdal er det funne kadaver etter rovdyr. Her har ein nå fått fellingsløyve til å jakte det som kan vere ulv.