NRK Meny
Normal

Fann salmonella på gard i Sogn og Fjordane

Mattilsynet har avdekka salmonella i ein kjøtfebuskap i Sogn og Fjordane. Dette er første gang i år at sjukdomen er påvist i Norge.

Salmonella

SALMONELLA: Ein kjøtfebuskap i Sogn og Fjordane har fått restriksjonar etter funn av salmonella.

Foto: Åse Karin Hansen / NRK

Buskapen som er råka har kjøttfe og kring 200 vinterfôra søyer. Sjukdomen vart påvist denne veka i ei avføringsprøve frå ei kvige.

Mattilsynet opplyser på sine nettsider at dei har sett i verk restriksjonar på garden, og tek fleire prøvar for å kartlegge omfanget.

– Bakterien vart funne etter at privatpraktiserande veterinær tok prøve av ei kvige som hadde blodig diare. Ingen andre dyr i buskapen har synt tilsvarande symptom, seier seniorinspektør i Sogn og Fjordane, Terje Ramstad.

Første i år

Talet på salmonellasmitta dyr i Norge er svært lågt, men det blir av og til påvist ved klinisk mistanke og i samband med prøvetaking i Veterinærinstituttet sitt overvakingsprogram for sjukdomen.

Måndag blir det teke nye prøvar av storfe og eit utval sauer på garden.

– Avgrensingane er i hovudsak å ikkje levere eller ta inn dyr før ein har fått kontroll på situasjonen. I tillegg må gardbrukar ta sine førehandsreglar når det gjeld hygiene, seier Ramstad.

Liten smittefare

I slutten av neste veke håpar Mattilsynet å ha svar på om smitten gjeld enkeltdyr, eller om også andre har fått smitte. Dyra som har fått smitte blir slakta.

Det er fleire typar Salmonella, der Typhimurium er den mest vanlege som blir påvist hos dyr i Norge. Det er også ein vanleg årsak til salmonellainfeksjon hos menneske. Denne vart i fjor påvist i mjølkebuskapar i Nordland og Møre og Romsdal.

Diarizonae serovar, som no er påvist i Sogn og Fjordane, er ein «snill» type som går mest på sau og har tidlegare vore påvist i enkelte regionar i Norge. Funnet no er det første i år.

Mattilsynet opplyser at denne typen svært sjeldan blir påvist som årsak til infeksjonar hos menneske.

– Det er ikkje den store risikoen for smitte til menneske, seier Ramstad.