Hopp til innhold

Fann sakna turist etter full leiteaksjon

Den mannlege turisten i 60-åra som i kveld vart meld sakna i Marifjøra i Luster er funnen i god behald.

Leitte etter turist

Leitar etter sakna turist - PÅ PLASS: Mannskap frå politi, Røde Kors og Norske Redningshundar var med og leitte etter den sakna mannen. - Foto: NRK-tipsar / PÅ PLASS: Mannskap frå politi, Røde Kors og Norske Redningshundar var med og leitte etter den sakna mannen.

Foto: Even Hunshamar / NRK

Det vart fredag kveld sett i gang full leiteaksjon då ein mannleg turist i 60-åra ikkje kom tilbake til avtalt tid etter å ha lagt ut på ein fottur.

– Mannen vart funnen på stien klokka 19.33 av mannskap frå Røde Kors, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Inge Værøy.

Den utanlanske turisten la i føremiddag ut på ein fottur åleine.

– Vi visste at han skulle gå langs vegen til Vedvik og tilbake. Men så fekk vi meldingar som tyda på at han hadde spurt om vegen til fjelltoppen Molden, seier Værøy.

(Artikkelen held fram under biletet)

Turist sakna i Luster

GJORDE FUNN: Det var mannskap frå Røde Kors som fann den sakna turisten.

Foto: Even Hunshamar / NRK

Hadde gått langt

Leitemannskapa konsentrerte leitinga i området frå Marifjøra og opp mot Molden, noko som synte seg å vere lurt.

– Eg har ikkje eksakt posisjon, men mannen hadde gått om lag halvveges til toppen, seier Værøy.

Politi, mannskap frå Røde Kors og to ekvipasjar frå Norske Redningshundar var med på leitinga.

– Mannen er i god behald og vert følgd ned att til Marifjøra av mannskap frå Røde Kors, seier Værøy.

Turveg frå Marifjøra til Molden

POPULÆR: Turstien frå Marifjøra til Molden slyngjer seg sju kilometer opp på den 1116 meter høge fjelltoppen.

Foto: Even Hunshamar / NRK

Fjellet Molden er rekna som det finaste utsiktspunktet i Luster, der ein kan sjå fjorden i alle retningar. Den mest vanlege turen er å gå frå Mollandsmarki på Hafslo, men mange nyttar også den populære turstien rett opp frå Marifjøra.

Turstien frå Marifjøra til Molden er om lag sju kilometer lang, med ei stigning på 1116 meter.

Marifjøra