Hopp til innhold

Fann omkomen person ved Viefjellet

Politiet stadfestar at den sakna Kurt Erland er funnen omkomen ved Viefjellet i Førde.

Leiteaksjon i Førde

SØKT: Luftambulanse, eit Sea King og mannskap frå Sivilforsvaret og Sogn og Fjordane Røde Kors har delteke i søket i Førde.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Leitemannskap har sidan torsdag kveld søkt etter Kurt Erland . Sykkelen til mannen vart i 08-tida fredag funnen ved Soleide.

Sidan har store styrkar søkt i området mot Viefjellet . Politiet stadfestar at ein Sea King gjorde funn av ein person klokka 1232.

– Det er den personen vi har leitt etter. Pårørande er varsla, seier Vest politidistrikt sin operasjonsleiar i Sogn og Fjordane, Trond Hatlenes.

Funnen av Sea King

Funnet vart gjort like nord for staden der sykkelen til mannen vart funnen. Frå Soleide går dei fleire populære turstiar, mellom anna til Viefjellet kring 2,5 kilometer unna.

Leiteaksjonen var i ferd med å bli trappa opp då funnet vart gjort.

– Det var mannskap frå Sea King som fann mannen. Funnet vart gjort i området vi har søkt etter. Det var like nord for Soleide, opplyser Hatlenes.

Politiet kan førebels ikkje seie noko om kva som har tilstøytt mannen.

– Det må vi nok avvente med ei tid, seier Hatlenes.

Den omkomne blir mest truleg sendt til obduksjon for å avklare dødsårsaka.

Fredag ettermiddag opplyser politiet at mannen blei funnen nordaust for Berget, i eine enden av Bergavatnet.

Laster Twitter-innhold
Berget