Hopp til innhold

Fann omkomen på 66 meters djupn

KNM «Tyr» gjorde i morgontimane funn av ein person på 66 meters djupn i Dalsfjorden, der det har vore søkt sidan måndag etter ein sakna dumperførar.

Dumper brasa utfor ved Eikenes

I FJORDEN: Ein dumper hamna måndag ettermiddag i Dalsfjorden ved Eikenestunnelen på Dalsfjordsambandet.

Foto: Silje Guddal / NRK

Ein 25 år gamal mann har vore sakna sidan ein dumper raste i fjorden måndag ettermiddag.

Forsvarets spesialfarty, KNM «Tyr», kom seint tysdag kveld til Dalsfjorden for å hjelpe til i søket etter den sakna. Klokka 05:34 vart det gjort funn på 66 meters djupn, melder politiet. Den omkomne vart funnen nærare land, men kring 100 meter frå dumperen.

– Det er lokalisert ein person på 66 meter djupn. Det pågår arbeid med å heve vedkommande, stadfesta operasjonsleiar Einar Vereide ved Sogn og Fjordane politidistrikt i 08-tida.

Overfor NRK.no stadfestar politiet at pårørande og familien til den sakna dumparføraren er orientert om funnet.

Jan Arild Nervik ved Askvoll lensmannskontor seier i 11-tida at den omkomne, som mest truleg er den sakna dumperføraren, var henta opp frå fjorden i 09-tida.

Ingen andre personar skal vere sakna i området.

Dumperen vart tysdag ettermiddag lokalisert på 230 meters djupn av ein fjernstyrt miniubåt.

Arbeidstilsynet har vore på staden og har saman med politiet gjort åstadsundersøking, men ein kan ikkje slå fast kvifor dumperen raste i fjorden. Det var ingen vitne til ulukka.

Det er førebels ikkje avgjort om dumperen vil bli heva.