Hopp til innhold

Fann nytt sauekadaver i Lærdal

Tysdag kveld blei det funne eit nytt sauekadaver i Lærdal. Frå før er fem sauer tekne av bjørn i dette området.

Eit av dei bjørnedrepte kadavera

Dette er eit av dei bjørnedrepte kadavera.

Foto: Håkon Øydvin/Statens naturoppsyn

Alf Erik Røyrvik, som er talsmann for bjørnejegrane, seier dei no ber Statens Naturoppsyn undersøke om også denne sauen er drepen av bjørn.

– Det vart funne eit kadavar til i same område som dei andre, og det er omtrent like gammalt som dei andre. Det er iallefall ikkje noko ferskt kadaver. Vi har meldt frå til Statens Naturoppsyn slik at dei kan sjekke det.

– Men bjørnen har de ikkje sett noko til?

– Nei, det virkar som om det har vore stille og roleg i natt. Vi har ikkje fått inn alle folka enno, men eg har ikkje høyrt noko om at dei har sett spor etter bjørnen.