Hopp til innhold

Politiet fann mindre mengder narkotika

Under ein tilfeldig kontroll av ein bil i Florø, fann politiet mindre mengder hasj.

Politi illustrasjon

PROMILLEKØYRING: To personar vart i løpet av natta stoppa etter mistanke om køyring i rusa tilstand.

Foto: Kyrre Lien/Scanpix

Det var i 00.25-tida at politiet stoppa bilen i Florø sentrum. Det var ein tilfeldig kontroll der det vart fatta mistanke og det vart gjort nærmare undersøkingar der det vart funne mindre mengder hasj i lommen på ein av dei som var i bilen. Det er oppretta sak på forholdet, opplyser politiet.

Ein bilførar vart stoppa i Florø etter mistanke om promillekøyring på riksveg 5. Føraren vart teken med for å avlegge blåseprøve, og førarkortet vart beslaglagt ettersom bilføraren har prøvetid ettersom sjåføren ikkje har hatt førarkortet i lang tid, opplyser operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

I Stryn vart ein bilførar, ein mann i 30-åra, stoppa av politiet etter mistanke om promillekøyring i Olden. Det vart teke blodprøve av mannen og politiet har oppretta sak på forholdet.

I Førde har det i løpet av natta vore fleire utrykkingar for politiet; Ein mann i 20-åra er meldt for urinering på offentleg stad i Førde. Like etter skapte ein gjest ved ein utestad problem og politiet påla mannen i 20-åra å fjerne seg frå staden.