Hopp til innhold

Fann mykje skrot under ryddeaksjon i hamna i Måløy

Dykkarane frå Ægir Dykkerklubb fann meir skrot enn dei klarte hente opp under ryddeaksjonen i hamna i Måløy.

Ryddeaksjon i Måløy

RYDDEAKSJON: Her er litt av skrotet som dykkarane plukka opp frå sjøbotnen.

Foto: Ægir Dykkerklubb

– Dei som kom og såg det vi henta opp tykte det var mykje, men dei skulle berre visst kor mykje som ligg igjen, seier Stig Evan Vik, som er ryddeaksjonsleiar i Ægir Dykkerklubb.

I samband med Havfiskefestivalen var dykkarklubben invitert til å lage eit opplegg for born om forureining til havs. Dykkarklubben valde då å hente opp litt av det som ligg rett utanfor kaikanten på hamna i Måløy.

– Måløy er ein gammal hamnestad der har vore stor aktivitet langs kaiene og då vert det ein del søppel, seier Vik.

Havna i Måløy er full av skrot

GAMMALT SKROT: Her kan du sjå kva som skjuler seg under overflata i hamna i Måløy. FOTO: Ægir Dykkerklubb.

På botnen fann dei store mengder gamle flasker, gamle dekk og ammunisjon frå krigens dagar. Sparebankstiftinga DNB har gitt pengar til Norges Dykkeforbund som er øyremerka slike aksjonar.

Andre gong

Det er andre gongen dykkarklubben har ryddeaksjon i Måløy.

– Ut ifrå mengdene med skrot som vi fann, så kan vi ha mange ryddeaksjonar framover, seier Vik.

Men det dykkarane verkeleg var ute etter, og som vert rekna som den store stygge ulven når det gjeld forureining til sjøs, var plastikk. Det fann dei ikkje denne gongen.

– Plastikk er lett å fjerne med det same forureininga skjer, men får det ligge blir det nedbrote og vi får det vi kallar mikroplast. Det klarar vi ikkje å fjerne.

Det er då det blir skummelt fordi det blir tatt vidare oppover i næringskjeda, seier Vik.