NRK Meny
Normal

Fann mann som var sakna etter utforkøyring

Politiet har funne mannen som det vart leita etter ved Bjørset i Jølster.

Bil utfor E39 på Bjørset

BILEN UTFOR VEGEN: Føraren skal ikkje vere skadd. Politiet har no funne han.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Mannen var førar av ein bil som køyrde av E39 ved Bjørset. Politiet fekk melding klokka 5.15 om at ein bil hadde køyrt utfor vegen. Dei sette i gang leiting etter føraren, som ikkje var å finne ved bilen. Han hadde ifylgje politiet på seg t-skjorte og ei rutete kortbukse.

Mannen er ikkje skadd, seier politiet. Ikkje lenge etter vart mannen funnen i Førde. Det er ein mann i 30-åra, og det er mistanke om at han var i rusa tilstand, opplyser operasjonsleiar Inge Værøy ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Mannen skal ha forklart at han kom utfor vegen under rygging, og at han ikkje kom seg oppatt på vegen.

Laster kart, vennligst vent...
Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast