Hopp til innhold

Fann mann i 60-åra påkøyrd og skadd - etterlyser blå personbil

Politiet etterlyser ein blå personbil etter at ein mann i 60-åra vart funne liggjande i vegen ved Havikbotn i Florø.

Florø

– Ein mann vart funnen liggjande i vegen med skadar i hovudet og mogleg beinbrot. Mannen er køyrd til Førde sentralsjukehus med ambulanse for vidare oppfølging, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Nils Erik Eggen.

Politiet fekk melding klokka 19.30, men har førebels få opplysningar i saka.

– Ifølgje eit vitne kan skadane skuldast ei påkøyrsle eller ein annan type kontakt eller konflikt mellom mannen og ein bil. Men eg vil understreke at vi ikkje har noko vitne som har sett at dette har skjedd, seier Eggen.

Høyrde motorrusing på staden

Vitne skal ha høyrt motorrusing på staden, og eit køyretøy skal også ha blitt observert ei stund før mannen vart funnen.

– Ein blå personbil, kanskje ein Volkswagen Golf eller noko liknande, vart observert på staden. Mykje tyder på at denne bilen på ein eller annan måte er involvert i uhellet, men vi manglar ein del opplysningar, seier Eggen.

Politiet er difor svært interessert i å komme i kontakt med personar som har vore vitne til uhellet, eller som sit på anna relevant informasjon

– Vi kjenner ikkje detaljane i kva som har skjedd, så her kan vi ikkje sjå bort frå noko som helst, seier Eggen.

AMK har førebels ikkje opplysningar om skadeomfanget til mannen.