Hopp til innhold

Veit enno ikkje kven den avdøde er, men har varsla moglege pårørande

Politiet veit framleis ikkje kven det er som blei funnen død på øya Oddane sør for Florø søndag. Dei går no gjennom ei rekkje sakna-saker, og har varsla moglege pårørande.

Oddane sør for Florø

– Vi jobbar no med å identifisere det liket som er funne, i tillegg til at vi har starta opp den taktiske delen og gjer undersøkingar i tidlegare saker der vi har sakna sjøfolk, seier politistasjonssjef i Florø, Robert Veseth, til NRK.no.

Det har vore fleire sakna-saker på Vestlandet dei siste åra, og politiet held alle moglegheiter opne for kven det kan vere som no er funne.

Har snakka med pårørande

– Vi tenkjer ganske stort førebels til vi får ein nærare identitet på liket som er funne. Vi er jo kjende med at havstraumar og vêr og vind kan medføre at ein omkomen kan drive langt, seier Veseth.

Politiet vil førebels ikkje seie noko om kjønn eller alder på liket som er funne, men dei stadfestar at dei har vore i kontakt med pårørande i fleire ulike sakna-saker.

– Det kan eg seie at vi har vore i kontakt med moglege pårørande. Samstundes er vi nøye med på påpeike at vi ikkje veit kven som er funne, seier Veseth.

Turgåarar fann liket

Likfunnet vart gjort søndag ettermiddag på øya Oddane sør for Florø, stadfestar politiet ovanfor NRK.no.

– Vi fekk i går melding frå turgåarar som hadde gjort funn av det som såg ut til å vere eit lik i nærleiken av sjøkanten, seier politistasjonssjef i Flora, Robert Veseth til NRK.no.

Personen ber preg av å ha lege ei stund, men politiet kan førebels ikkje seie om dette er i vatn eller på land. Liket blir no send til Gades Institutt i Bergen for obduksjon. Politiet jobbar samtidig parallelt med å etterforske saka på andre måtar.

– Politiet har vore på staden og sikra det som skal sikrast, og vi er no i ferd med å innleie ei etterforsking med mål om å finne ut kven dette kan vere, seier Veseth.

Vil få oversikt over sakna

Han vil førebels ikkje gå ut med detaljar kring likfunnet, og vil på dette tidspunktet ikkje kommentere kor vidt det er snakk om ein mann eller ei kvinne.

Heller ikkje opplysningar om eventuelle andre identifiserande faktorar som klede, overlevingsdrakt eller liknande vil politiet gå nærare inn på.

– Kva veit de om personar som er sakna i området?

– Dette jobbar vi no med å få oversikt over, spesielt personar som er sakna i forhold til sjø. Personar som dei siste åra har ramla på sjøen, seier politistasjonssjefen.

Oddane ligg sørvest for Florø, og det er ingen busetnad på øya.