Og då dei ransaka bustaden til mannen, fann dei ikkje berre sprit og smuglarsigarettar, men rekneskap og leveringsliste for dei ulovlege varer, fortel politibetjent Frode Otterskred.
Har tilstått
Mannen har no tilstått forholdet, og det har også fire andre som var på mannen si liste. Hovudmannen, ein mann i 20-åra av utanlandsk opphav, er sikta for kjøp og sal av tobakk og sprit. Politiet er ikkje sikre på kor mykje mannen har tent på salet, men det dreier seg om under 100.000 kroner.
Smuglarvarer frå båtar
Den sikta i saka har forklart at han har fått tak i smuglarvarene frå båtar som skipar ut aluminium frå industribygda. No arbeider politiet i Høyanger med å få tak i dei andre på lista til mannen.