NRK Meny

Fann ikkje parasitt i Lærdalselvi

Det er ikkje gjort funn av lakseparasitten Gyrodactylus salaris i Lærdalselvi. Det syner dei siste resultata etter at Veterinærinstituttet har undersøkt over 400 laksungar frå elva. Lærdalselvi vart handsama med aluminiumssulfat i 2011 og 2012. Vassdrag som er behandla mot gyro vert undersøkte årleg fem år etter behandling før ein friskmelder vassdraget.