Hopp til innhold

Fann ikkje fengselsplass - måtte sleppe fri valdsmistenkt mann

Mangelen på varetektsplassar i norske fengsel er stor. I dag klokka 12 måtte politiet i Sogn sleppe fri ein mann i 30-åra, som dei i går fekk medhald i å varetektsfengsle i inntill fire veker.

Sogn tingrett og Løseth

SLAPP FRI: Mannen i 30-åra som er mistenkt for å ha skalla ned og slege to menn i Øvre Årdal måtte sleppast fri klokka 12. Det var ikkje fengslingsplassar å oppdrive. T.h. regionlensmann i Sogn, Åge Løseth.

Foto: Arve Uglum/Alf Vidar Snæland / NRK

– Det er frustrerande, det er ikkje tvil om det, seier regionlensmann i Sogn, Åge Løseth.

Sogn tingrett gav tysdag politiet medhald i å fengsle mannen i tre veker, med moglegheit for å forlenge med ei veke.

Men den valdsmistenkte mannen frå Sogn er no ein fri mann. Rett og slett fordi det ikkje finst ein einaste ledig fengselsplass å oppdrive i rimeleg nærleik til fylket.

– Mannen vart framstilt for varetektsfengsling tysdag, og vart varetektsfengsla for tre veker. Det syner seg no at vi ikkje får fengselsplass til mannen, så han vart sleppt laus klokka 12 i dag, seier Løseth.

Frykta bevis skulle gå tapt

Politiet ønskte varetekstfengsling av omsyn for at bevis kunne gå tapt, samt frykt for at mannen skulle komme til å gjere nye valdshandlingar.

Løseth legg ikkje skjul på at det er ein ukomfortabel situasjon å måtte sleppe fri personar som i utgangspunktet skulle vore varetektsfengsla.

– Det er naturlegvis uheldig. Men vi har opplevd det før, og vi vil nok oppleve det igjen, seier Løseth.

Det er ikkje meir enn nokre veker sidan sist ein mann vart sleppt fri, nettopp av same årsak.

– Men vi har gjort ein betydeleg etterforskingsinnsats i saka i Øvre Årdal både måndag og tysdag, og trur at vi har sikra veldig mange av bevisa der. Vi trur dette skal gå bra, seier Løseth.

Kan vere lite hensiktsmessig

Det er Kriminalomsorgen som hjelper politiet med å finne plassar til varetektsfangar. Men plassane må vere såpass nær at det er tenleg å ha fangane der.

– Vanlegvis når ein varetektsfengslar folk, så må ein sende etterforskarar etter til det fengselet dei er i, for å ta nye avhøyr av den fengsla. Viss ein då må reise over store delar av Norge, så kan det vere praktisk lite hensiktsmessig, seier Løseth.

– Kor skadeleg trur du det er for valdssaka at den mistenkte vert sleppt ut allereie no?

– Eg trur ikkje det er så skadeleg for bevissituasjonen, sidan vi fekk gjort ein stor innsats både søndag, måndag og tysdag. Eg håpar og trur at dei viktigaste bevisa allereie er sikra i saka, seier Løseth.

NRK har tidlegare skrive om at politiet brukar unødvendig mykje tid og ressursar på finne fengselsplass til kriminelle som skal sitje i varetekt.

Er eit puslespel

– Det er ganske vanskeleg. Vi må leite etter fengselsplassar kvar gong, seier påtaleansvarleg i Fjordane politidistrikt, Knut Broberg.

På landsbasis står rundt 1200 personar i soningskø. Samtidig har politiet til ei kvar tid personar som er mistenkte for kriminelle handlingar, og som dei ønskjer varetektsfengsla for å få ro til å gjere ferdig etterforskinga.

Også dagleg leiar ved Vik fengsel, Roy Egil Stadheim, seier at dei ikkje klarar å stille varetektsplassar til disposisjon i den grad dei ønskjer.

– Det blir ofte eit puslespel for å få dette til, sa Stadheim til NRK.no tidlegare i år.

I Vik har dei 39 fengselsplassar etter at dei i 2008 fekk utvida med 11 opne plassar, men det er framleis ikkje nok.