Fann ikkje feil på sykkel

Politiet har gjort undersøkingar på sykkelen til familiefaren som tidlegare i haust omkom i ei sykkelulykke på Rallarvegen i Flåmsdalen. – Vi finn ingen feil på den med tanke på bremsene og andre ting, seier tenestestadsleiar for politiet i Årdal, Magne Knudsen, til Firda.