Hopp til innhold

Fann igjen restane av vikingkonge i hekken

Kvar vart det av restane av det som kan vere vikingkongen Rollo? No er mysteriet løyst. Dei tusen år gamle skjelettbitane vart funne under ein tujahekk i Florø.

Sturla Ellingvåg

LUKKELEG HISTORIKAR: Sturla Ellingvåg syner letta fram dei to plastrøyra med skjelettrestane av vikingkongen som i si tid regjerte i Normandie i Frankrike.

Foto: Privat

– Dei vart funne av ein nabo som skulle trimme tujahekken sin med motorsaga, fortel ein kjempeglad historikar, Sturla Ellingvåg.

Han har sidan 9. april leita etter dei viktige skjelettbitane. Dei vart sende til han i to plastrøyr – i posten. Same dagen som dei sjeldne historiske funna dukka opp i postkassen til forskaren i Florø var nokre yngre gutar på ferde og tømde postkassar i nabolaget hans. Dermed forsvann det ikkje berre vanleg post, men også restane av vikingkongen Rollo forsvann sporlaust.

Dei tusen år gamle skjelettbitane vart sende frå Universitetet i Oslo til Florø for å bli analysert av historikaren, som ein del av eit prosjekt han har jobba med i fleire år. Restane skulle til København for å verte analyserte der. Målet er å finne ut om vikingkongen Rollo er den same som Gange-Rolv som vi kjenner frå den norrøne saga-tradisjonen. Den tusen år gamle kongen styrte i Normandie i Frankrike.

Grava til Rollo

NORSK ELLER DANSK?: I denne grava i katedralen i Rouen i Frankrike ligg hertugen av Normandie, Rollo. Historikarar har i fleire hundre år krangla om han eigentleg er dansk eller norsk.

Foto: Urban/ Wikimedia Commons

Stamfar til den engelske kongefamilien

Då NRK snakkar med Ellingvåg fredag ettermiddag er det ein svært glad mann vi snakkar med. Han understrekar at han personleg skal ta med seg dei to plastrøyra med skjelettbitane til universitetet i København.

– Eg er veldig letta. Eg må vedgå det.

Og han har god grunn til å puste letta ut. For Rollo er ingen kven som helst i vikinghistoria. Det er etterslekta hans som blant anna inneheld Wilhelm erobraren som erobra England i 1066. Med andre ord er han ein av stamfedrane til det engelske kongeslekta, opplyser historikaren.

Naboen ville ikkje ha finnarløn

Også naoben delte gleda over det som kom til syne etter at tujahekken vart saga ned.

– Han vart veldig glad sjølv fordi han likar vikingar.

Ifølgje Ellingvåg fortalde naboen at han ikkje ville ha hatt ein sjanse til å sjå plastrøyra i hekken utan at heile hekken vart fjerna.

– Han hadde lese avisene og sett det på NRK, og forstod difor at det var meg han skulle ringe. Eg vart veldig glad for det. Eg vil takke alle som har vore med å leita og gått tur for å sjå etter 1000 år gamle skjelettrestar etter ein viking, seier historikaren.

Gutestrekar

Om postkassetjuvane seier Ellingvåg dette:

– Vi har skjønt at det var nokre yngre gutar som har gjort dette. Det var berre gutestrekar. Eg har berre vore veldig uheldig. Berre maks uflaks. Eg trur dei har skjønt alvoret no, seier historikaren, som i jakta på Gange-Rolv i alle fall ser kapittelet i Florø for avslutta.